Leserinnlegg:
Et tilbakeblikk på Svalbards pengehistorie
Direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1, Morten Søberg, tar et tilbakeblikk på Svalbards pengehistorie, samtidig som han forteller om pengers fremtid.
Morten Søberg når han deponerte dei digitale Svalbard-pengane i Arctic world archive sitt arkiv i gruve 3.
Marcus Isachsen
Prosjektet www.svalbard.money vart lansert i Longyearbyen den 12. april 2021. Om lag ti månader seinare har det medverka til produksjon av digitale Svalbard-pengar; 551 setlar og 111 myntar. Reint teknisk er det tale om såkalla non-fungible tokens på blokkjedane Ethereum og Polygon. Alle data, all kode som gjeld desse pengane er det som no skal deponerast i det arktiske verdsarkivet i Gruve 3.
Den raude tråden heile tida har vore den langt på veg uskrivne pengehistoria på Svalbard, jf. setlar utferda av amerikanske, britiske, norske, russiske, sovjetiske og svenske gruveselskap her. I tillegg kom myntar prega på myntverket i Leningrad rett etter andre verdskrigen. Dei sovjetiske Svalbard-setlane og -myntane har vore ei rik inspirasjonskjelde. Ei rekkje av dei digitale Svalbard-myntane kan tolkast som ein slags ode til både russisk kultur og sovjetisk monetær estetikk. Men krona på Svalbard.Money-verket er ein digital mynt som vi designa til ære for Christian Magnus Falsen.
Falsen er sjølvsagt mest kjent som «Grunnlovas far». Og på Spitsbergen ligg fjellet Falsenslottet geografisk korrekt attmed Eidsvollsfjellet. Mindre kjent er det at Falsen i tida 1822-25 var norsk generalprokurør. Meininga med det embetet var å føra vidt og breitt og djupt administrativt tilsyn med embetsmenn, sjå til at alle lover vart fylgde og rapportera direkte til kongen i Stockholm. Poenget her og no er at Falsen var ein «arkivist» med stor A: Hos Riksarkivet i Oslo ligg generalprokurørens journalar, kopibøker og protokollar ordna, systematiserte og lagra akkurat slik Falsen leverte dei frå seg.
Gustav Indrebø, som på Svalbard har fått Indrebøbreen oppkalla etter seg, har skrive ein fascinerande arkivstudie om generalprokurør Falsen. Der kjem det også fram at Falsen var oppteken av å føra tilsyn med pengestellet og kontrollera at «setlane aat Noregs Bank skulde vera det einaste pengerepræsentativet som gjekk fraa hand til hand og var tvunge betalingsmiddel». Men i røynda var det mange private som slo små pengesetlar som sirkulerte jamsides med dei offisielle, statlege pengane – noko styresmaktene såg gjennom fingrar med i nokre år. I eit brev til Finansdepartementet 20. januar 1823 kravde generalprokurøren lydnad for lova her med. Han la ved to private pengesetlar som døme på pengar han meinte måtte takast ut or omlaup.
1 måned digitalt abonnement
Digital måned
10,- den første måneden, deretter 203,- per måned
for 1 måned
Bestill her
1 år papir og digitalt abonnement
Komplett HELÅR.
2138,-
for 12 måneder
Bestill her
6 måneder papir og digitalt abonnement
Komplett halvår.
1215,-
for 6 måneder
Bestill her
1 år digitalt abonnement
Digitalt helår
1600,-
for 12 måneder.
Bestill her
6 måneder digitalt abonnement
Digitalt halvår
950,-
for 6 måneder
Bestill her
1 år komplett sør for Bodø
2578,-
Full digital tilgang, eAvis og papirutgaven én gang i uken.
Portotillegg pr. avis fra Bodø og sørover pålydende kr 10,-
Bestill her
6 måneder komplett sør for Bodø
1435,-
Full digital tilgang, eAvis og papirutgaven én gang i uken.
Portotillegg pr. avis fra Bodø og sørover pålydende kr 10,-
Bestill her