Leserinnlegg:

Framtidas turistar

Pandemien har stoppa ein akselererande turisme. Han kunne blitt løpsk: Støtt fleire turistar, utan å tenkje på kva slags motiv for å kome til Svalbard dei måtte ha hatt.

Reinhard Mook.
Reinhard Mook.
Publisert

Spektret spennar frå ei natt og ein «fest» til dei som ferdast ei veke eller to på den arktiske naturens premissar. Aktørar sine tilbod har vore styrande, overordna finansielt motivert.

Svalbardposten sin leiar den 5. juni 2020 er inne på «…hva slags turisme Svalbard skal ha». Han kunne definerast ut frå etiske haldningar. Turist og gjestgjevar kunne ha komplementære roller i ei felles sak. Ho var å lære av Svalbard som ei kjelde til personleg utvikling. Det er gale utgangspunkt å sjå på Svalbard som felt å jakte etter det sensasjonelle, høvesvis å hauste pengar på.

Svalbard er ein skule for audmjuke og forvitne elevar å hente kunnskap frå og i ordets meining bli vis av. Klima, jøklar, tundra, fjordar og vatna, kulturminne og dyra er skulemeistrar. Svalbard er òg eit landskap immaterielt.

Sjølvsagt skal alle menneska som arbeider for menneske i denne skulen få si løn som fortent, få like vilkår i like roller og elles vere økonomisk like trygge, det same om lovbestemd eller ved serlege ordningar.

Tilboda som innbyr gjestar skulle få karakter av studiereiser over rimelege tidsbolkar heile året. Vegleiarane skulle vere pedagogiske formidlarar forutan å kunne leie folk ute i terrenget. Fellesnemnaren skulle vere danningsverdi og utvikling som set spor. Når gjestane fer frå Svalbard skulle dei vere prega av utvida kunnskap og djupare måtar å sjå og å tenkje på enn når dei kom.

Framtidas turistar vil anten vere søkjarar og lyttarar, eller Svalbard sin bodskap til menneska vert kvelt av masseturismens kommers.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS