Leserinnlegg:

Kilowatt-timane frå sola

Lagre solenergi på Svalbard, den planen fekk LL ein andreplass for (SP 14. november 2019, s. 12). Men i forkant av lagringa må sola si stråling gjerast om i elektrisk energi.

Tidlegare professsor i geofysikk, Reinhard Mook kommenterer endringane som skjer i atmosfæren.
Tidlegare professsor i geofysikk, Reinhard Mook kommenterer endringane som skjer i atmosfæren.
Publisert

Den fysikalsk-kjemiske prosessen å gjere det på er oppdaga i 1839 av franske fysikaren Becquerel.

Sommar-polarområdet sin ytterkant av atmosfæren får mest solar energi i døgeret av heile kloten. I Longyearbyen har Leonhard Nilssen Spitsbergen og Avinor alt byrja nytte solenergi, rett nok er dette forstyrrande for kraftverkets balanse i straum- og varmeproduksjon.

Lang tids målingar av sola si stråling, vesentleg faktor i klimaet, interesserar etter kvart også ingeniørar og publikum for å få vite kva ein kan hauste i elektrisk energi. Ei vanleg eining for effekten er tusentals Watt i ein time, kWh, kjend frå straumrekningar. I same eining kan vi måle energien i sola si stråling som kjem inn frå himmelens halvkule på kvar kvadratmeter (kWh/m2) av ei horisontal flate (= «globalstråling»).

Fylgjande døme er avrunda middelverdiar på Svalbard Lufthamn for åra 1995 til og med 2018 i kWh/m2 for ti-døgers-bolkar i kvar månad. Den første dekaden av juni kjem inn 52, andre dekaden 53, tredje 48 kWh/m2.

Mellom anna skyene gjev stor variasjon i strålinga. Minste verdiar for dekadane i juni har vore 37, deretter 43, siste dekade 34 kWh/m2. Største verdiar frå første til tredje dekade i juni har vore 68, 66 og 56.

Refleksjon av ljos på snø og spreiing i luft med skyer er vesentleg årsak til høge verdiar tidleg på året. Allereie i tredje dekade av mars nås middelverdi 16, lågaste verdi 11 og høgaste 18 kWh/m2. Annen dekade i mai er middlet alt oppe i 50 kWh/m2. Men i september er middelverdien for tredje dekade gått ned til snaue 6.

Talla saman med verknadsgraden (om lag 20 prosent) av solceller og oppstillinga deira relativt til sola si bane, fortel kor mykje elektrisk energi ein kan vente å utvinne. Lagring gjev ytterlegare tap. Klima under endring tilseier at tilbodet av solar stråling òg vert annleis. Til dømes kan hyppegare og tjukkare skydekke, kortare tid bakken er snødekt om våren, slå ut i veikare ljos å hauste.

Reinhard Mook
Longyearbyen

Powered by Labrador CMS