Om bank-boikott

Trist og berre trist at «managementet» i Sparebanken Nord-Norge (SNN) ikkje ser filialen på Svalbard som ei fjær i hatten, eit smykke SNN ser seg råd til. Det er pengar åleine som tel. Ikkje verdiar elles.

UKLOKT: Innsenderen kritiserer Sparebank1 Nord-Norges beslutning om å legge ned banken på Svalbard.
Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Banken set eit negativt teikn ved å leggja ned nett når Longyearbyen sterkt er korona-stressa.

Det flotte omdømet SNN har hatt lokalt er opparbeidd av personane i skranken og romma bak, ikkje av elektroniske «løysingar».

I staden for å boikotte kan ein innby: Tilby seg som kunde hos den banken som måtte ha motet å ta plassen etter SNN.

Powered by Labrador CMS