Leserbrev:

Ventetid på permanent alpinbakke?

Alpin skibakke for borna er vesentleg for deira trivnad og helse. Skitrekk og permanent plassering har LL på handlingsplanen sin for komande fire år (sjå SP for 19. desember 2019). Men prioritetane er uvisse.

Reinhard Mook.
Reinhard Mook.
Publisert

Spørsmål er reist om fare for skred og omsyn til miljø og industriminne. Sistnemnde to omsyn vil grense av terrenget som kan brukast til slalåm. Å vurdere miljø og minne opp mot alpinbakke vil seie å tolke regelverk og veie synspunkt. Det skulle krevje forsvinnande lite i rein arbeidstid.

Ein bakke absolutt trygg for alle slags skred finst ikkje. For båe slalåm og skred krev haldande terreng med tyngdekrafta si akselererande skråplan-komponent. Sjølve bakken og terrenget omkring avgjer risikoen for skred, gitt skiftande spesifikke underlag- og snø-tilhøve.

Spørsmål om skred svarar åtferda av naturen på. Mekanikkens dynamikk teiknar bilete av kva som kan hende, om det er trygt eller ikkje for ymse arter for skred. Resultatet vil gå ut på at skibakken er trygg dei fleste døger, men ytst få gongar lyt haldast stengt. Reglar for dette kan reknast på, heller ikkje det svært tidkrevjande arbeid.

Konklusjon: Det skulle koste få veker å kunne ta stilling til plassering, bredde og lengd av området for permanent alpinbakke. Neppe nokon tener på å la tida gå.

Powered by Labrador CMS