SP driv ikkje med tomprat om Svalbard:

– Vi aksepterer ikkje at Oslo-makta køyrer over lokalbefolkinga

I Svalbardposten 4. juni beklagar redaktør Børre Haugli at sju parti, AP, H, FRP, SV, KRF, V og MDG, driv med «tomprat om Svalbard» i partiprogramma sine. SP driv visst ikkje med dét eingong, for i partiprogrammet vårt finn ikkje redaktøren noko om Svalbard i det heile. «Så la oss fort glemme dem,» føreslår han.

Sigbjørn Gjelsvik, Senterpartiets finanspolitiske talsperson, svarer på Svalbardpostens redaktør Børre Hauglis lederartikkel.
Sigbjørn Gjelsvik, Senterpartiets finanspolitiske talsperson, svarer på Svalbardpostens redaktør Børre Hauglis lederartikkel.
Publisert

Men stopp ein hal. Senterpartiet er det partiet som har stått mest på for Svalbard-samfunnet dei siste åra. Vi gjekk som einaste parti imot nedlegginga av gruvedrifta i Svea nord og Lunckefjell, og dette har vi stått for ved alle krossvegar etterpå. Vi driv ikkje med tomprat – så mykje er vi og redaktør Haugli samde om – vi driv med kompromisslaus politikk for å ta vare på og utvikle Svalbard-samfunnet. Det vil vere ein stor feil å gløyme oss for alle som ynskjer eit levande Svalbard-samfunn i framtida.

Senterpartiet er kompromisslause på at Svalbard er norsk område. Dette synet er tufta på Svalbardtraktaten sine vilkår som regulerer Noreg si utøving av suverenitet og mynde på Svalbard. Traktaten slår fast «Norges fulle og uindskrenkede høihetsret over Svalbard». Svalbard-politikken må byggje på at norsk mynde over Svalbard skal styrkjast.

Senterpartiet var svært tydelege på at Austre Adventfjord ikkje skulle seljast til utanlandske interesser då den vart lagt ut for sal. Det er per no berre Noreg og Russland som har traktateigedomar på Svalbard, og vi ynskjer ikkje at andre land skal få slike eigedomar.

Vi ynskjer å prioritere norske interesser mtp. kvotepolitikken og er i større grad enn mange andre parti viljuge til å stå opp imot EU på dette.

Vi har vore svært tydelege på at interessene og synspunkta til lokalbefolkinga på Svalbard må kome først og har i samband med dette m.a. kritisert at Høgre-regjeringa fører ein rigid vernepolitikk som ikkje i tilstrekkeleg grad tek omsyn til lokale sitt behov for å ivareta fritidsinteresser, tradisjonar og livsutfalding. Vi vil at folk skal ha gode liv på Svalbard. Vi aksepterer ikkje at Oslo-makta køyrer over lokalbefolkinga.

Vi ynskjer eit sterkt politi nær folk i heile landet, også på Svalbard. Senterpartiet har også vore sentral for frøkvelvet på Svalbard. Vi ynskjer statlege arbeidsplassar og tenester nær folk i heile landet. Vi vil gjeninnføre Finnmarks- og Svalbardtillegget i barnetrygda. Om redaktør Haugli hadde lese vidare i programmet vårt, ville han funne svært mange gode saker for Svalbard-samfunnet.

Senterpartiet er oppteken av situasjonen på Svalbard, og seinast i juli var ein stor delegasjon frå SP i Longyearbyen. Vi ynskjer å utvikle Svalbard vidare. I framtida vil Longyearbyen kunne verte eit viktig strategisk knutepunkt i Arktis med flyplass, hamn og eit velfungerande lokalsamfunn – eit samfunn den norske stat har investert milliardar av kroner i og som fullt ut er del av Kongeriket.

Senterpartiet er open for alle innspel kring Svalbard-politikken, og vi tek svært gjerne imot synspunkt og vurderingar frå lokale. Det er riktig at vi endå ikkje har noko lokallag på Svalbard, men det har vore initiativ i den retninga, og vi håper å få det til snart. Tomprat driv vi ikkje med. Vi er opptekne av politikk som verkar for alle delar av Noreg og av å lytte til folk lokalt i alle delar av Noreg.

Powered by Labrador CMS