LEIAR - LINE NAGELL YLVISÅKER

Når alt startar på nytt

Publisert

Torsdag ringde skulen ut for siste gong dette skuleåret. Dagen før fortalde sola at no er det sommar. Også her, både for dei som kan ta ferie, og for dei som skal bli for å halde byen i gang.

Fly skal gå til fastlandet med feriespente ungar, og vaksne som skal samle sol og familieminne etter ei lang mørke- og vintertid. Men ikkje alle kjem tilbake. Mange har billett berre ein veg. Fleire av oss som blir att mister nære venner og fine kjende. I 2022 var gjennomsnittleg butid i Longyearbyen 6,6 år ifølge SSB og Skattekontoret.

Året startar på mange måtar to gonger her i Longyearbyen. 1. januar og ved skulestart. Kvar haust lurer me på kven som er nye i byen. Kven kan tenkast å passe saman med meg?

I eit lesarbrev Svalbardposten trykker denne veka, skriv Lene Jeanette Dyngeland: «Alle jeg har stiftet nære vennskap med har flyttet, og på et tidspunkt orker man liksom ikke mer.» Livet i Longyearbyen er rikt på mange måtar, men det kan også vera kaldt,s einsamt og mørkt. Me som blir att må vera gode på å sjå kvarandre.

Det er mykje eg kunne tenke meg å få med i denne siste leiaren før sommaren. Longyearbyen lokalstyre (LL) ber sektorsjefane sjå kvar dei kan kutte no som Nordover og alpinanlegget vil belaste økonomien meir enn først tenkt. Og at først Longyearbyen lokalstyre, så Svalbard Energi, har gitt beskjed om at bustadeigarar skal ta over ansvar for undersentralane for fjernvarme. Versegod, du har betalt høgste takst for at LL skulle ta vare på fjernvarmeanlegget og undersentralen. No har LL plastra og blåst i 20 år, fleire sentralar held på å falle frå kvarandre, så no er det best at eigarane tar over sjølve.

Vil det ikkje vera best at Longyearbyen lokalstyre sikrar at anlegga blir oppgraderte, driftssikre og energieffektive? Burde ikkje det vera ein del av planen for forsyningstryggleik? Og kva med kloakk og vatn som også går gjennom sentralen? Korleis skal ansvar og kostnader fordelast?

Med atterhald om at det er noko viktig eg ikkje har forstått, så høyrest det særs lite lurt ut.

Og når blikket hevar seg: Krigen som gjer Svalbard viktigare for russisk militærstrategi, uvissa om stortingsmeldinga, vissa om at ikkje alle har det like bra. Klimaendringane. Det er mykje å ta tak i. Det kan kjennast overveldande, det er lett å kjenne på avmakt. Då er det bra at damer som Patti Smith kan røske i oss:

– Ta eit steg tilbake, trekk pusten og fokuser på det du klarar, om det er å hjelpe naboen eller ta vare på di eiga helse. Alle må finne ein balanse. Fokusere på dei små tinga du faktisk kan gjere noko med. For folk må føle seg viktige, at ein er til nytte. Sjølv med små ting. Og små ting er også nødvendige, for hundre små gjerningar kan bli til noko stort, seier ho i eit intervju i denne avisa.

Bruk sommaren til å gjere små ting. Pust inn sol og lys og energi til haust og mørketid. Og hald fram med å gjere dei små tinga då også. Til saman er me noko stort.

God sommar!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS