Gråhuken del 1

Marit Karlsen Brandal og Steinulf Smith-Meyer tok eit avbrekk i studia og overvintra på Gråhuken 1982/83.
Her er eit utdrag av boka GRÅHUKEN - fangst og ferie på 80 grader nord, utgitt i 2017.
Forfatter er Marit Karlsen Brandal.
Alle foto: Marit Karlsen Brandal og Steinulf Smith-Meyer

Vi byrja sjå etter sel med ein gong vi kom til Gråhuken. Sjølv om der ikkje var is på fjorden i juli, var det venta at selen på denne tida var sopass feit etter ein lang vår at den ville flyte i sjøen dersom vi skaut den.

Vådeskudd

Marit Karlsen Brandal er klar til å begynne å flå den nyleg avliva storkobba.
Marit Karlsen Brandal er klar til å begynne å flå den nyleg avliva storkobba.

Men seljakta byrja for vår del med eit vådeskudd.

«Oh, look she is bleeding» seier Elisabeth Harland forskrekka. Ekspedisjonen til geolog W. Brian Harland hadde tidlegare kome med dei to båtane «Arctoceras» og «Salterella» og ankra opp framfor hytta vår. Elisabeth, som kom med dette utbruddet, var kona til den kjende geologen Harland som var på ein av sine mange ekspedisjonar på Svalbard.

Vi hadde servert kaffi inne i hytta, og hadde kosa oss med sjokolade, kjeks og ost som dei hadde med. No stod vi utanfor hytta, og dei skulle til å dra då ein snadd dukka opp ganske nær land. Eg sprang tilbake inn i hytta og henta rifla. Tok geværet med ut og lada medan eg heldt geværet med løpet rett i lufta. Nokre meter frå hytta tok eg av sikringa, og dermed small det! Eg hadde nemleg kome borti avtrekkaren i same renna som eg tok av sikringa. Rekylen gjorde at eg fekk eit lite kutt (og kraftig slag) i eine fingeren. Men ikkje noko meir alvorleg enn at eg blødde svært mykje frå det kuttet.

Elisabeth Harland, kinesisk dame og W. Brian Harland frå Cambridge Geological Expedition. Overvintringshytta i bakgrunnen.
Elisabeth Harland, kinesisk dame og W. Brian Harland frå Cambridge Geological Expedition. Overvintringshytta i bakgrunnen.

Dermed kom utbruddet frå Elisabeth Harland.

Dette var forferdeleg flaut. Eit vådeskudd rett framfor Harland og co, etter vi hadde hatt ei slik fin stund inne i hytta, var lite kjekt. Vådeskudd kan sjølvsagt henda kven som helst, men dei fleste slepp kanskje å gjera det rett framfor eit publikum. Eg kunne sjå dei «stakkars-deg-blikka» dei sende Steinulf, og eg følte meg svært ille til mote.

Geologen Harland var ein relativt eldre mann på 65 år. Denne sommaren hadde han ein av sine siste feltsesongar på Svalbard. Han var ein kjendis i fagmiljøet, og var ein av dei første som støtta teorien om kontinentaldrift, som vart utvikla av mellom andre Alfred Wegener i Tyskland. Som geologistudentar hadde vi sjølvsagt høyrt og lese mykje om Harland og hans arbeid på Svalbard, og det var derfor svært for oss å få han i tale. Kanskje spesielt Steinulf som studerte strukturgeologi, som var mest nærliggande til den delen av geologien som Harland var oppteken av.

Gråhuken del 1

Marit Karlsen Brandal og Steinulf Smith-Meyer tok eit avbrekk i studia og overvintra på Gråhuken 1982/83.
Her er eit utdrag av boka GRÅHUKEN - fangst og ferie på 80 grader nord, utgitt i 2017.
Forfatter er Marit Karlsen Brandal.
Alle foto: Marit Karlsen Brandal og Steinulf Smith-Meyer

Harland var ein svært «British» og formell herremann. Og Steinulf og eg var ikkje akkurat den type menneske som automatisk sa «sir». Vi følte nok at Harland heldt ein viss avstand i samtalen. Dette var i sterk kontrast til dei han hadde med som mannskap, som ikkje la skjul på kor høgt dei verdsatte å vera på land hjå oss. Om bord i dei to små ekspedisjonsfartøya fekk dei stort sett servert kun te og kjeks, og sånn sett var kaffi og til dømes Vestlandslefsa kjærkomen variasjon i kosten. Slik sett fekk vi spesielt god kontakt med ein av mannskapet, Nick Cox frå England. Han er no prosjektleiar for den arktiske delen av British Antarctic Survey.

Tilbake til vådeskuddet. Gruppa til Harland fekk det travelt med å koma seg vekk etter smellet, lettare skremt av heile opptrinnet mitt. Men Rabben ville ikkje sleppa dei so lett. Han stod derfor med forlabbane på båtripa medan dei stressa litt med å få båten ut frå land. Dermed vart hunden strekt i heile si lengde etter kvart som båten glei utover, noko som enda med ein lang og høg fis frå Rabben si side. Du store allverden for ei avslutning på vitjinga; først vådeskudd og so salutten frå Rabben.

Selfangsten hadde fått ein dårleg start, og eg hadde ein vond peikefinger som ei tid framover ville hindra meg i å bruka geværet. Og selen som so brått dukke opp, hadde sjølvsagt forlengst forsvunne. Den hadde redda livet,- i alle fall for ei stund.

Marit prøver å få Rabben til å ete ferskt selkjøt.
Marit prøver å få Rabben til å ete ferskt selkjøt.

Storkobbe

Det var ein flott dag med sol, varme og havblikk, og datoen var 6. august. Vi heldt på å rydda utanfor hytta, då eg ser ei storkobbe på eit isflak 300-400m frå land. Båten kom på sjøen i ei fart, og vi køyrde roleg utover. Då vi nærma oss isflaket byrja vi ro. Det virka som om Rabben forstod alvoret, for han låg uvanleg still i båten medan vi sakte nærma oss storkobba. Den såg litt opp av og til, men virka vera litt døsig av den varme sola og det rolege havet. Og vi såg kanskje ikkje farlege ut.

Steinulf skaut kobba på 100 meters hold. Eitt skudd, og den sakk i hop på flaket. Eg jubla av glede over vår første sel, - endeleg skulle Rabben få skikkeleg mat. Men før vi entra isflaket for å flå, fekk eg Steinulf til å skyta nok eit skot for å vera heilt sikker. Storkobba er eit stort dyr, og sjølv om den ikkje er aggressiv som klappmyss, hadde det ikkje vore greit om den byrja byksa mot sjøen etter at vi hadde kome på det vesle isflaket der den låg. Blodet fossa ut av dyret, og det såg relativt makabert ut. Selen har mykje blod, og den raude fargen mot kvit is får det fort til å sjå ut som ei slagmark.

Steinulf hjalp til med kroken etter kvart som eg skar. Det var rart å flå sel igjen. Hadde ikkje gjort det sidan selfangsten ved Newfoundland i 1978. Men kunnskapen sat der, og spekk-kniven glei lett gjennom skinn og spekk. Storkobba er fleire gongar større enn ein snadd, so det å ha god hjelp under flåinga gjorde jobben lettare.

Ismåka var på pletten med ein gong. Den hadde vi tidlegare ikkje sett her. Eg skreiv «vi» men meinte Steinulf. Hobbyornitologen Steinulf noterte alltid ned dato for første observasjon av ein fugleart. På meg kunne det nesten virka masete nokre gongar, då det ikkje såg ut til å vera grenser for kor mange måketyper det var interessant å notera ned.

Isflaket med den døde storkobba dreiv stødig mot nord på det stille havet. Det var varmt og ei nesten surrealistisk stemning. Men det hadde byrja koma litt dønningar, og flaket hadde smelta ein del og vorte sørpete av all varmen frå skrotten og blodet. Vi fann det derfor tryggast at Steinulf var i båten ved sida av flaket, medan eg flådde ferdig. Dersom isflaket braut opp, var det greit at ein av oss var i båten.

Kjøtt, sveivar, diverse bein og skinnet med spekk vart etterkvart lasta om bord. Det var ein fullasta båt som returnerte med sakte fart mot Gråhuken som vi kunne skimte langt der inne. Isflaket hadde dreve langt mot nord den tida dette hadde stått på.

Flåing av storkobbe på den tynne isen i Mushamna.
Flåing av storkobbe på den tynne isen i Mushamna.

Rabben lika seg ikkje om bord attmed alt dette «svineriet». Kjøttet eller beina brydde han seg ikkje om då han fekk tilbod om å smake. Det var ikkje snakk om at han ville eta. Det einaste vi hadde å gje han denne dagen var derfor gamle, grøne erter som vi hadde funne i hytta. Dermed var det også denne dagen berre å venta på den påfylgjande fisinga som ertane førte til.

Når selkjøttet derimot hadde vore inne i hytta og surna, ville Rabben gjerne ha det. Vi oppbevarte derfor maten hans i ei tønne inne i opphaldsromet, slik at han til ei kvar tid hadde surt kjøtt. Det var derfor ein forferdeleg stank inne, men vi vart heldigvis etterkvart immun mot den strame lukta.

Laguna i Mushamna

Snadd var det flusst av på isen i ei lagune rett ved hytta i Mushamna. Vi «oppdaga» plassen tilfeldig ein gong vi kom dit for å sette ut fiskegarn. Men då vi nærma oss, såg vi at laguna var frose til og at det oppå isen låg mellom 75 og 100 snadd. Fisketuren vart dermed brått endra til jakt på sel.

Steinulf i arbeid på isen.
Steinulf i arbeid på isen.

Eg heldt Rabben på god avstand, medan Steinulf smaug seg blant drivtømmer og stein mot selen. Etter første skudd forsvant alle brått ned i hola sine, bortsett frå den eine som vart truffe. For å koma til den døde snadden, måtte vi nytta båten då isen ikkje var trygg å gå på.

Vi braut oss gjennom isen, delvis ved motorkraft, men óg ved at vi løfta båten delvis opp på isen for deretter å leggja oss på baugen slik at isen gav etter. Dette var måten eg hadde sett at Polarstar hadde bauga seg gjennom is; ikkje akkurat ved at mannskapet løfta skuta opp på isen, men ved at skipper Holstad gav full fart forover og fekk baugen opp på isen slik at den brakk opp. Etter mykje strev kom vi endeleg fram til selen. Varmen frå alt blodet hadde smelta eit stort hol i isen med selen flytande midt i.

Marit førebur surt storkobbekjøtt til Rabben inne i hytta.
Marit førebur surt storkobbekjøtt til Rabben inne i hytta.

Ein gong skaut vi også ei storkobbe her. Isen var tynn og kobba var for stor og tung til at vi kunne få den om bord i båten, derfor flådde eg storkobba med redningsvest medan Steinulf drog den til ny plass på isen etterkvart som denne gav etter for vekta.

To av selskrottane lot vi ein gong vera att til hundemat i Mushamna, og vi hang dei derfor på eit gamalt, øydelagt stativ som var eit lite stykke frå hytta. Dersom bamsen kom, ville han lett få tak i dei slik dei hang. Men vi tenkte at det var betre isbjørnen fekk interesse for skrottane i staden for sjølve bistasjonen. Der var uansett ikkje plass i båten for å ta med skrottane til Gråhuken.

På avstand likna skrottane på to mennesker som hadde hengt seg. Det var derfor ikkje isbjørnen som i første omgang fatta størst interesse for skrottane, men naturvernkonsulent Asbjørn Børset hjå Sysselmannen som ei tid etter var på veg nordover i helikopter. Han hadde tenkt det verste då han frå lufta såg det makabre synet av dei to hengande kroppane ved bistasjonen. Og sjølv om Børset, som var ein svært sindig kar, etterkvart hadde sett at det var selkadaver som hang der, var han likevel tydeleg glad for å sjå oss då han litt etter landa på Gråhuken. Skrottane hadde tydlegvis gjort eit sterkt inntrykk.

Del 2 i første avis 2019.

Powered by Labrador CMS