DEBATT VALG 2023

Meint av ein lokalstyre-veljar

Partilister levert inn til Longyearbyen lokalstyre i forkant av årets lokalstyrevalg.
Publisert

Kandidatane og partia deira skil seg frå kvarandre ved å prioritere noko ulikt, elles berre vedS ordelag og pynt. Pengar til å finansiere pene føremål teiast gjerne om. Tankane mine går attende til Svalbard samfunnsdrift, byen styrt utan politiske val. 

Bu-lyst er eit merkeleg omgrep nytta av fleire. Folkemengda i Longyearbyen stangar mot taket. Longyearbyen er alt vel attraktiv. Auke bu-lysten ytterlegare? Kven betaler?

Overgangen til «diesel» som byens energikjelde inneber risikoar. Verre enn tekniske barnesjukdomar er dei økonomiske. Dei kan snart kvele bu-lysten. Tilliten til statens kasse synes å vere overmåte stor.

Den ambiøse optimismen om at «grøn» energi om ikkje lenge vil avløyse «diesel», gjer meg skeptisk. Innovasjonar krev tid. Materielle krinslaup og uunngåeleg «skitten» energi synes ikkje å vere noko emne.

Tapet av is i Arktis og Antarktis bekymrar. Isen i lause masser av Sukkertoppen og under byen smelter. Det hører med blant politiske brot at den særs energi-krevjande og klima-tyngande Svalbard-turismen er velkomen. Folk og alt materielt frå infrastruktur til føde må fraktast til øygruppa. Mobilitet ved «grønn» hydrogen kjem neppe før år 2050.

Velje representantar etter terningkast? Etter sympati for person eller parti? Eller spørje etter kompetanse, ikkje minst frå livets skule? Evne til å analysere og mot til å problematisere? Styrke til å ta upopulære avgjerder, si «nei» til flotte idéar for å spare midlar til samfunnets vesentlege oppgåver?

Powered by Labrador CMS