MENINGER

Om det vesentlege

Lesarbrevet av Lene Jeanette Dyngeland («Der alle kjenner alle»), rører etter mitt syn ved meininga med livet: Vere vesentlege for kvarandre.

Reinhard Mook
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje interesse-fellesskap men åndeleg-sjeleleg fellesskap det gjeld. Interesse-fellesskap er flyktige, åndeleg-sjeleleg fellesskap kjennast som uavgrensa av tid og rom.

Det finst, som eg ser det, ein løyndom vi alle kan røyne. «Gud» har mange namn. Her er ikkje tale om menneskelege førestillingar; ikkje om ei «lære» å rekne for sann. Løyndomen vert verande løyndom. Den felles erfaringa av den felles røynda gjer at masker fell av.

I den monn den felles røynte løyndomen får menneska til ikkje å identifisere seg sjølve med sin eigen person, ikkje å binde opp andre som åtskilte, i den grad er vi vesentlege for kvarandre ved den makta som heiter kjærleik. Han overgår alt det personlege, tek bort grenser og såleis einsemda. Menneskja sin historia syner åndeleg-sjeleleg fellesskap og kjærleik utan vilkår levd.

Powered by Labrador CMS