MINNEORD:

Steinar Aksnes - 46 år av eit levd liv

På tur: Steinar slik vi kjente han best; glad og nøgd på tur. Her med MS «Bonanger» til Mushamna.
Publisert Sist oppdatert

Om eit liv vart målt i tal på opplevingar, er det ikkje rart at du vart berre 46 år. Kjære Steinar, når du satt med godsmilet ditt og fortalde skrøner, kunne du like gjerne vore 64 år, eller 96 år, for den del. For ingen hadde så mange rare og gode historier som du.

Det kunne vere nære isbjørnmøter på Halvmåneøya eller stivfrosen venting på isbjørnungar ved hiet saman med verdskjende filmskaparar. Det kunne òg vere kjærleik til dei kalde kystar, til gode vener, til familien eller ho du lenge var så kjær.

Steinar, historiene dine var dei aller galnaste. Det verste er at grunnpilaren i dei fleste var sanne. Og sjølv om verken du eller Jason ofra sannheita for ei god historie, har du i løpet av din unge alder opplevd langt meir enn den nemnte 64- eller 96-åring. På Vindodden saman med Stig Onarheim og Geir Hekne, kunne det eskalere så sjølv ein garva polarrev måtte gøyme snuten bak halen for ei stakka stund. Men morosamt var det. Og kunnskapsrikt.

Du hadde ein uendeleg kunnskap om Svalbard og historier frå Barentz fram til notid. Som hjelp til Jason, tok du del i den storslagne produksjonen Frozen Planet. Der var båtkøyring med gyrokamera verdt millionar og hjelp til fotografane for at dei skulle få dei beste isbjørnbilda i verda. Din kjennskap til Svalbard, dyra og logistikk i det arktiske var uvurderleg. Det var den som brakte deg vidare til Norsk Polarinstitutt, til Ny-Ålesund, og seinare til store skip. I sommar var du ekspedisjonssjef tre gonger til Nordpolen, slå den! Når du trakk ditt siste andedrag i stova heime på Øygarden, skreiv du hugseliste for ein lang sesong som ekspedisjonsleiar i Antarktis. På grunn av den planen, var julemiddag med familien allereie spist når du gjekk bort 1. november. Men ein stol sto uansett tom på Vatnahalsen hos Rigmor og Kjell Arne i jula.

Du var ein satans dyktig arbeidskar som jobba døgnet rundt når det gjaldt som mest. Du var ikkje fullt så flink til å ha fri. Med fridom kom gjerne stundene då alkohol og mørke tok overhand. Tårane var mange, og samtalene med gode vener likeså. «Eg har det vondt no, Linda», kunne du seie. Det gjorde vondt for oss rundt deg, og det gjorde vondt for deg. Du var lei deg for bekymringane du ga oss, og særleg bekymringane du ga til familien som du elska så høgt. Du hadde følelsane utanpå og folka rundt deg betydde så utruleg mykje for deg. Derfor var du og verdas beste ven. Du fekk oss alle til å føle at vi var noko spesielt. Og du avslutta kvar einaste telefonsamtale med å seie: «Eg er glad i deg».

Vi har mykje å lære av deg, Steinar.

Til gravferda di i Bergen kom vi mannsterke frå Svalbard, Tromsø, Ålesund, Oslo, Hamar og Polen. Hotell Scandic Ørnen var fylt opp av Svalbardfolk og saman gjekk vi på yndlings­puben din både før og etter gravferda. Du hadde elska å vore der saman med oss. Eit naturleg midtpunkt med gode vener. Eg ser deg for meg med det gode smilet. Du ville ha blinka til meg og sagt du var glad i meg, akkurat slik du gjorde til alle dei andre venene du var så glad i. Det ironiske var at du låg i ei kiste som snart skulle bringe deg på di aller siste reise.

Å vere med vener på ein slik dag var utruleg fint. Varmen frå den fine familien din smitta over på oss alle. Det er lett å forstå kvar du har det gode i frå når ein møter mor Rigmor, far Kjell Arne, Jannet, Eivind og resten av den store, fine flokken din.

– Tenk å få eit flylass med folk til gravferda si i ei fullsett kyrkje. Då må ein ha gjort noko riktig i livet, sa ein kar eg møtte.

Steinar, du gjorde mykje godt i livet ditt. Og aller mest var du ein utruleg god ven som såg alle rundt deg. Vi saknar deg, Steinar. Eg er glad i deg.

Helsing Linda Bakken

og gode vener av Steinar

Minneordet er publisert etter samtykke frå Steinar sin nærmaste familie.

Powered by Labrador CMS