Om mus og menn og Mälardalshytta

Disse kom trolig før 1966, som Svalbardposten skrev tidligere i år, mener Kjell Henrik Torp i dette leserinnlegget.

Når kom disse?
Publisert

I Svalbardposten nummer 13 i år skriv Ole Magnus Rapp at arten austmarkmus for første gong blei registrert av finske forskarar i 1966. Mon det.

1.april 1963 la Kristen Bøen, Torleif Tollefsen og underteikna ut på ei vekes sledetur rundt Nordenskiold Land. Nest siste overnatting var på Isfjord Radio. Det bles opp til eit kraftig uvêr og vi måtte ta ei overnatting i Grøndalshytta. Då vi vakna om morgonen 6. april dansa tre mus på proviantkassen vår. Dersom dei var komne frå Russland, må dei ha kome seinast i 1962, og helst før.

For eit par år sidan var det «debatt» om den uvanlege konstruksjonen av taket i Mälardalshytta. Otto Thorn Andersen og eg fekk låne hytta ei helg våren 1962. Som alle andre undra vi oss over taket. Svaret fekk vi seinare. Store Norske kjøpte eit lokomotiv frå Tyskland rundt 1950 - talet. Det kom som dekkslast i ein spesialbygd kasse. NN såg seg nytte av kassen, fekk han, og drog han ut med weasel.

Det blei fortalt at seinare kom fakturaen som inkluderte pant for den spesialbygde kassen som eigentleg skulle returnerast. Han slapp å betale.

Kjell Henrik Torp

Powered by Labrador CMS