Leserinnlegg:

Når å lækje tyder å gjere til inkje

Flere huser er revet - og flere hus skal rives i Lia.
Publisert

Innhaldet i omgrep av eit levande språk skifter over tid. Men uvanleg er om «å betre» vert til «å gjere til inkje», «pluss» vert til «minus», «liv» til «død».

Sanatorium veit vi er ein helseheim, ein kurstad å bli frisk i. «Sanus» tyder frisk på latin, derav «sanare» for å gjere frisk. Avleia norsk «sanere», tysk «sanieren», fransk «assainir» vil seie å rehabilitere, bringe i orden att eller å forbetre eit objekt, nett som engelsk «rehabilitate» seier. Ikkje få samfunn er opptekne av å «sanere» hus, med anna å tilpasse dei til klimaet. Slik sanering er aktuelt på Svalbard òg.

Norske styresmaktar og byråkratar har byrja å pynte på riving av bygg ved å kalle det for å «sanere». Men kan hende er tanken ved å fjerne menneskeverk vert landskapet, med anna byens «Lia» i sør, frisk att?

Powered by Labrador CMS