Ventar framleis på svar om innføring av russiskproduserte køyretøy

I fjor forespurde Trust Arktikugol informasjon om oppdatering av bilpark med russiskproduserte køyretøy. No har Sysselmeistaren purra på Samferdselsdepartementet.

Publisert Sist oppdatert

I eit brev datert 14. november 2022, skriv Trust Arktikugol, ved Ildar Neverov, til Sysselmeisteren.

Her seier dei at Trusten planlegg å erstatte utanlandskproduserte bilar som blir brukt på Svalbard med russiskproduserte bilar og lastebilar. Køyretøya vil i tilfelle bli registrert i Russland og få russiske registreringsskilt.

Vidare etterlyser Trusten informasjon for framgangsmåten for å registrere og drifte køyretøy som er registrert utanfor Noreg. I tillegg ber dei om ei avklaring på om det er mogleg å drifte bilar i den aktuelle klassen på Noregs territorium.

Sysselmeistaren vidaresendte forespurnaden til Samferdselsdepartementet, også i november i fjor. I februar hadde departementet framleis ikkje svart, og Sysselmeistaren sendte då ei purring. I april måtte dei purre enno ein gong. No ventar dei framleis på svar frå departementet.

Powered by Labrador CMS