Kartutsnittet viser lokaliteten til leiren. Skansbukta ligg i Nordre Isfjorden nasjonalpark.

Får etablere leir i Skansbukta

Firmaet Poli Arctici har fått godkjend søknad om å etablere leir sommaren 2023.

Publisert Sist oppdatert

Firmaet Poli Arctici, ved Stefano Poli, har søkt om å etablere leir i Skansbukta i årets sommarsesong, i forbindelse med deira organiserte fotturar. Dei skal frakte deltakarar til leirområde med båt.

Dei informerer om at dei vil sette opp ein leir beståande av 2 Venor Gamme, der ein av dei skal vere til kjøken og ein til opphaldsrom med vedomn som oppvarming. I tillegg kjem små telt til overnatting. Dei informerer om at dei har organisert isbjørnvakt om natta.

Skansbukta ligg i Nordre Isfjorden nasjonalpark, men Sysselmeistaren si vurdering er at etablering av leiren ikkje vil få negative konsekvenser for kulturmiljøet og fuglefjellet som er på motsett side av bukta, om lag ein kilometer unna.

No har Sysselmeistaren godkjend søknaden.

I grunngjevinga for godkjend søknad, står det også:

«Selv om en leir i Skansbukta vil bryte opp det sammenhengende og uberørte landskapet, vil dette finne sted bare gjennom noen få og spredde uker gjennom sommeren. En teltleir gir et annet landskapsmessig uttrykk enn bygg og faste konstruksjoner. Omsøkte teltleir representerer ikke noe nytt i forhold til tidligere praksis. Leiren anses heller ikke ut fra sin plassering å forringe allmennhetens opplevelse av villmark og lokalkultur.»

Sysselmeister stiller likevel fleire krav når det kjem til etableringa av teltleiren. Dette er mellom anna isbjørnvakt med gjennomført nødvendig opplæring, og at alle spor etter aktiviteten skal bli fjerna: Alt utstyr og avfall skal takast med når aktiviteten blir avslutta. I tillegg skal alt materiale som er henta frå naturen og brukt i leiren, for eksempel steinar eller tømmarstokkar, bli lagt tilbake i området der det blei funne.

Powered by Labrador CMS