LEIAR

Skikkeleg drit

Redaktør Line Nagell Ylvisåker
Publisert

Sola lyser opp dei melisstrødde fjella. Frosten lagar knaselydar under skoa, og dampen står frå røyr rundt om i Longyeardalen. Det er den kalde, fine tida. Og tida for brun kloakk som renn ut av dårlege røyr. 

Røyr som i tillegg blir tetta av våtserviettar, q-tips, kondomar og anna som aldri skulle ha hamna i do. Tidlegare har røyrleggarane funne undertøy, bind og anna kjekt i røyra. Før det kom rist på plass nede ved Sjøskrenten, flaut alt ut i Adventfjorden. Folk plukka q-tips i Hiorthhamn på dugnad. Det er vanskeleg å forstå at folk enno ikkje har skjønt at det berre er tiss, bæsj og dopapir som skal i klosettet. Og på plass med ein oppfordring til foreldre om ikkje å la ungar leike under hus, det er ikkje godt å vite kva som har rent ut av røyrkassar og ned på tundra.

Det er vanskeleg å forstå at det må koma lekkasjar på dei same stadene gong på gong. At røyr, både til kloakk og fjernvarme, blir lappa og fiksa, men ikkje oppgraderte ordentleg. At tinematter ligg over frosen mark for å tine fram røyr som lek. Tusenlappane renn ut frå fellesskapet med den varme væska.

Tysdag rann den brune kloakken ut på sletta nedanfor det som skal bli ny alpinbakke. Ein bakke store delar av byens befolkning gler seg stort til å ta i bruk i desember. Eit skikkeleg bra bulyst-prosjekt. Men også ein bakke som kostar inntil 23,5 millionar kroner mot først estimert 8,5 millionar.

Ein bakke som får snøkanoner som inntil vidare skal drivast på det som ser ut til å bli særs dyr straum frå dieselkraftverk. Snøkanoner på ein stad som skal få stadig kortare vintrar som følge av klimaendringar. Ein skiheis frakta med lastebilar på holete vegar. 

Det nærmar seg valg. Rentene stig. Dei nye politikarane kjem til å måtte gjere upopulære val når pengane skal fordelast i haustens budsjett. Me får krysse fingrane for naturleg snø, som legg seg både i skibakke og i hol i vegen. Og på at staten blar opp for å hjelpe med straumprisen, og å halde prisen for snøkanonane nede. Då kan me kanskje prioritere å oppgradere teknisk infrastruktur – slik at mindre drit hamnar på tundraen.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS