Leiar I Line Nagell Ylvisåker

Syndaren må rydde

Redaktør leiarfoto
Publisert Sist oppdatert

Longyearbyen er delvis bygd på gamle søppelfyllingar frå tida då Store Norske styrte det meste. Drit folk og selskap ikkje trengte, vart grave ned. Går ein langs stranda i Sjøområdet, blir den rolege kjensla av bølgeskvulp og fuglar fort øydelagt av metallskrot og skrammel som stikk ut av fyllinga langs strandkanten.

I denne avisa skriv me om Jørn Dybdahl som i ei årrekke dreiv Svalbard Hestesenter. Han er truleg den som har merka forureininga i Longyearbyen mest.

Svalbardposten har skrive mange saker om miljøgiftene i grunnen ved det gamle brannøvingsfeltet som låg like ved stallen til Dybdahl. Fluorhaldig brannskum førte til forureining i grunnen. Dette vart oppdaga i 2012, men Dybdahl fortel at han ikkje fekk vite om funna før i 2021. No er han lam i beina og får smertelindrande behandling for ein type kreft som truleg kan koplast til giftstoffa i grunnen.

Avinor fekk i fjor varsel om å rydde opp etter seg på det gamle brannøvingsfeltet. Fredag fekk Svalbard Lufthamn pålegg frå Miljødirektoratet om å rydde. Arbeidet vil truleg koste over 113 millionar kroner.

Nye prøver ved hestesenteret viser at det ikkje lenger er helsefarlege nivå av fluorstoffa der, men det hjelper ikkje Dybdahl.

Noreg har høge miljøambisjonar for Svalbard, men det kan virke som om gamle miljøsynder i Longyearbyen er gløymt.

Forureinaren har i hovudsak vore staten gjennom sine selskap på Svalbard, men dei får ikkje automatisk rekninga når områder må ryddast i dag. Den blir sendt til den eller dei som ynskjer å gjera noko.

Avinor må til dømes ikkje fjerne massar i den nærliggande småbåthamna sidan giftkonsentrasjonen ikkje er høg nok. Verdiane er likevel så høge at om båtforeininga Totakteren skal grave og utbetre hamna, må dei fjerne dei forureina massane og sende dei til fastlandet. Prislappen er anslått til 4 millionar kroner. Det er pengar foreininga ikkje har.

Staten har rydda og reinsa Svea for nær to milliardar kroner. Den burde ta ansvar for å fjerne gamle synder også her som det bur folk.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

For ordens skyld: Leiaren på nett er oppdatert med Miljødirektoratets vedtak fredag. Vedtaket kom etter trykkedato for papiravisa.

Powered by Labrador CMS