LEIAR I LINE NAGELL YLVISÅKER

Til dei som set farge på byen

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om bustadene er trekkfulle, framtida uviss og forholdet mellom aust og vest frys til, er Longyearbyen varm.

Til helga er det Polarjazz der mellom 40 og 50 frivillige syt for at artistar og publikum skal ha det bra. Laurdag var det fotballturnering for dei yngste, på onsdag får dei skirenn med isbjørnvakt, varm saft og rosiner.

Svalbard Turn har også fått eit nytt løypelag for trakking av løyper for skiløparar og hundekøyrarar i og kring byen.

Det er ein haug av frivillige, brennande eldsjeler i Longyearbyen som syt for at me andre kan velge og vrake i tilbod.

Det kjem ikkje av seg sjølv. Dette er ein jubel og takk til dykk som står på år etter år. Som brukar fritida på å planlegge, lage og fikse. Til dei som trenar små kroppar og hovud, som knyt sko og trøystar. Til dykk som masar, ber om hjelp og samlar inn pengar. Til gjengen som lagar revy og får oss til å le, som pakkar oss inn i blå tonar på hausten, som tek med seg folk til toppane rundt byen slik at dei får lufta hovudet.

Nokon lærer andre å øve på å snakke norsk. Andre sørger for at hytter er i orden og at fastbuande får låna dei, og at me får øve på å skyte med rifle.

Når snøen legg seg og hundar og snøskutarar skal ut i terrenget i hopetal, er frivillige hjå Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps klare til å hjelpe om det smell.

Dei møtest og trenar for å kunne hjelpe oss andre.

Og for oss som rett som det er kan sitte med dårleg samvit for ikkje å gjere nok: det er heldigvis ikkje for seint å brette opp ermene.

Frivilligheit og dugnadsarbeid er ein stor styrke for Longyearbyen. Det gjer byen trygg, varm og inkluderande uansett kva som skjer i kulissane.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS