LEIAR
Velg brukt

Denne artikkelen er mer enn ett år gammel.
Kasse, på kasse, på kasse med klede vart stabla på golvet ved resepsjonen i Svalbardhallen førre helg.
Klede som knapt var brukt, klede med lappen på, badebukser, utkledingsklede, mage-toppar, ullgenserar og godt brukte joggebukser.
Dei frivillige på Bruktikken hadde sortert, kasta, vaska og frakta. Ifølge dei sjølve hadde dei nok klede til å kle opp alle barn i byen.
Mange, både foreldre og barn, jubla over skattar i bunkane. Mange i Longyearbyen er gode på gjenbruk. Likevel blir Bruktikken på langt nær kvitt alt dei får inn.
I mars skreiv dei eit innlegg i Svalbardposten med tittelen: Hva gjør vi med vårt overforbruk på Svalbard?
Dei konkluderer med at me kjøper for mykje. Det er for mykje klede i omløp, for mykje klede av dårleg kvalitet. Det er ikkje nok at folk arvar bort klede og donerer til Bruktikken. Me må kjøpe mindre til ungane, og treng dei noko – velge brukt, eller om ikkje, velge god kvalitet slik at utstyret kan arvast bort seinare.
Denne sommaren brann det lenger sør i Europa, det norske innlandet fløymde over og raste ut, Longyearbyen sette ny varmerekord i juli. Områda med vill natur i verda blir stadig mindre, søppelhaugane veks. Samstundes held mange forbruket oppe.
I denne avisa skriv me at det kan bli billigare å sende pakkar til og frå Svalbard. Posten foreslår at om norgespakkar blir sende med båt, kan Svalbardtillegget på 311 kroner fjernast. Så får me merke oss det bak øyret: Ikkje la billigare frakt gjere at me netthandlar meir.
Longyearbyen skal bli grønare og meir energieffektiv, ein sirkulær hovudstad, er nemnd. Me har ein Bruktikk, ein resykkelerings-verkstad og eldsjeler som vil vera med å løfta den. Men dei treng hjelp. Dei treng ressursar, plass, og system.
Kanskje Longyearbyen lokalstyre kan bruke pengar på å organisere gjenbruk i staden for flyttekonteinarar til tilsette som reiser på slutt? Kanskje ville auka flyttekostnader gjere det enklare å gjenbruke folk også?
God helg!