Vern om fargane og skru av lyset

Det er ikkje berre når det gjeld skilting det estetiske uttrykket har byrja å skli ut.

Redaktør leiarfoto
Publisert Sist oppdatert

Sola er tilbake og fargar kveldane gylne. Pastellfargane flyt over i kvarandre. Gult blir oransje, rosa, turkis, lilla og blått. Det er desse dagane mange av oss er her for. Det skiftande lyset i det golde landskapet. Kjensla av varme lengst mot polen.

Med lyset kjem også fargane til hus og næringsbygg fram. I 1981 bestemte direktør Ingvald Ohm i Store Norske at Longyearbyen skulle få ein fargeplan. Samfunnet skulle ikkje berre fungere fysisk, men også estetisk. Fargekonsulent Grete Smedal fekk jobben med å gi bygningane liv. Først vart spisshusa pensla i sju ulike fargar. Grøn, raud, oransje, oker, mørkeblå, brun og turkis. Seinare vart område for område fargelagd. Fargane gir byen særpreg, liv og identitet.

Seinare knytte Smedal til seg Sølvi M. Myrseth i Designkollektivet. Saman lagde dei fargeplanen for Longyearbyen sentrum som Longyearbyen lokalstyre (LL) vedtok i 2010.

Førre veke skreiv Svalbardposten at fargeplanen også skildrar kva estetisk utsjånad skilta i byen skal ha. Det var anbefalt utskårne bokstavar montert direkte på veggflate.

I åra etter, følgde butikkeigarar og næringsbygg dette. LL har utskårne bokstavar montert direkte på veggflate på Næringsbygget. Det same har Lompensenteret og fleire av dei mindre bygningane langs gågata. Men dei siste åra har det skjedd noko. Fleire lysande skilt har poppa opp. Ikkje berre Nordover, men også Coop har skilt som lyser opp lang veg i mørketida. Studentsamskipnaden fekk klager og dempa skilta i mørketida.

Hus i Longearbyen får nye, kvite vindauger medan dei gamle var malt i fargekodar.

Det er ikkje berre når det gjeld skilting det estetiske uttrykket har byrja å skli ut. Då husa i byen fekk farge, var det gjerne ein farge på veggane og ein annan på listverk og vindauge. Ein spiss, det vesle ekstra. Dei siste åra har dei store bustadeigarane sett inn kvite vindauger. Uttrykket i bustadrekkene blir meir rotete og tilfeldig. Kvifor? Når Longyearbyen har lagt så mykje energi og ressursar i å lage ein farga by me er så stolte av, kvifor slurve det til i staden for å sikre at vindauge og andre bygningsdelar blir bestilt inn med, eller malt i riktig fargekode? Det kan då ikkje vera korkje dyrt eller vanskeleg?

I 2018 vart avtalen mellom fargekonsulentane og LL oppheva. Smedal og Myrseth skreiv til LL at dei måtte avslutte engasjementet. Ein av grunnane var at samarbeidet i Designfellesskapet vart trappa ned. Smedal fylte 81 år det året. Men den viktigaste grunnen var mangel på lokalt engasjement. Designfellesskapet hadde eit formelt ansvar gjennom byggeforskriftene, men ingen dialog med oppdragsgivar LL.

Plansjefen uttalte den gong at dei brukte fargeplanen heilt konsekvent, og hadde som intensjon å halde fram med det gjennom byggesaksbehandling – og utfyllande reglar i arealplanen. Det har gått fem år, og hukommelsen til Longyearbyen er kort. Fargeplanen må hentast fram og hengast på veggen hjå LL. Den må vera med inn i arbeidet med arealplanen som LL startar opp no. Kanskje bør dei utfyllande reglane stå med farga skrift, slik at dei blir synlege for alle?

God helg og strålande, gul påske!

Powered by Labrador CMS