LEIAR l LINE NAGELL YLVISÅKER
Viktige stemmer før valet

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Tysdag denne veka var Longyearbyen folkebibliotek sitt langbord gjort om til verkstad. T-skjorter fekk trykt på teksten «UNWANTED FOREIGNERS». Dagen etter var t-skjortene og munnar med tape over noko av det første statsminister Jonas Gahr Støre såg då gjekk ut av SAS-maskina i Longyearbyen. I tillegg hadde andre møtt opp med plakatar som: «Nei til gradering & sortering av våre barn».
Ikkje-norske mista i fjor retten til å stemme ved lokalstyrevalet, om dei ikkje har budd i Fastlands-Noreg i tre år. Dei kan heller ikkje bli vald inn i lokalstyret. Styresmaktene vedtok òg eit nytt reglement for skule- og barnehage.
Seinare byrja Sysselmeisteren å handheve regelverk for førarkort på Svalbard. Mange ikkje-norske fekk beskjed om, eller var usikre på, om dei hadde lov til å køyre bil. Utan løyve til å kunne køyre, sto dei i fare for å miste jobben. No har dei fleste fått lov til å køyre midlertidig ut året. I alle fall personbil. Men dei nye reglane, i tillegg til at norske styresmakter presiserer at dei vil auke delen nordmenn, skapar bekymring.
Denne veka skreiv me at filippinarar har vore uroa for å bli kasta ut som følge av at landet deira ikkje har signert Svalbardtraktaten.
Då reglane for stemmerett til lokalstyret vart endra, var det mange lokalpolitikarar som protesterte. Fleire trakk seg i protest. Mellom dei høgres lokalstyreleiarkandidat Stein-Ove Johannessen. Eivind Trondsen (V) trakk seg òg. På Facebook skreiv han: «At vi nå skal holde oss med et skinndemokrati på denne fantastiske arktiske utposten kler ikke Norge.» Det store spørsmålet var og er, kven er villig til å vera stemma til lokalsamfunnet etter valet i haust. Korleis vil det nye lokalstyret bli?
Det står stor respekt av avgjerdene til dei som valde å trekke seg i protest. Samstundes er endringane i Longyearbyen store, og dei skjer raskt. Me treng tydelege stemmer ut frå lokalsamfunnet, spesielt no som regjeringa har starta arbeidet med ei ny stortingsmelding om Svalbard. Denne veka var også Det interdepartementale polarutvalget i Longyearbyen for å ta med seg dei første innspela inn i arbeidet.
Det er viktig at svalbardianarar med lang fartstid tek ansvar og seier ja til å dra lasset. Førre månad meldte Terje Aunevik at han stiller seg til rådighet som lokalstyrekandidat for Venstre.
– No må me ta ansvar for alle dei som bur her, uansett om dei har stemmerett eller ikkje, sa han.
Onsdag vart det klart at LO-leiar og mangeårig Store Norske-mann Svein Jonny Albrigtsen stiller til valg som lokalstyrelederkandidat for Svalbard Arbeiderparti. Han meiner det er viktig å sjå på tiltak for den utanlandske befolkninga for å sikre at også dei får sagt si meining.
Så er det berre å heie fram engasjere innbyggjarar og håpe at fleire parti kjem etter. Me treng mangfaldet og må gjere det me kan for å styrke demokratiet. Også lokalt.
God helg!