På tynn is

Redaktør leiarfoto
Publisert Sist oppdatert

Denne helga er det duka for skifest i Longyearbyen. Over 1000 ski skal gli langs Adventfjorden i mildvêret laurdag. Dagen etter er det dei hardføre, robuste Svalbard-ungane som skal gå renn. Men nokon manglar i bybiletet. I mange år var april også synonymt med nordpolmaraton. Folk i store dunjakker jogga rundt i snøen for å gjere seg klare til langdistanseløp på isen. Det er mykje ein kan finna på om ein berre har tid og pengar nok.

Kvart år dumpa eit russisk selskap folk, maskiner og utstyr ned på isen eit stykke frå polpunktet. Folka på isen måka klar ei rullebane for å ta imot passasjerfly. Turistane og Barneo-firmaet brukte Longyearbyen som base for flygingane til is-leiren.

No er det fem år sidan førre nordpol-sesong. I 2019 sat kring 90 løparar og ekspedisjonsdeltakarar på Polarhotellet då dei fekk beskjed om at årets pol-sesong var avlyst. Forklaringa frå arrangørane var at det var for seint på sesongen, og vêrmeldingane for usikre, til at selskapet skulle rekke å fly alle både opp til polpunktet og tilbake. Fleire lurte på om den eigentlege grunnen var storpolitikk.

I april 2015 landa den russiske visestatsministeren Dimitrij Rogozin i Longyearbyen på veg til Barneo. Han sto på lista over personar som var uønskt i Noreg. Året etter vakte det oppsikt at tsjetsjenske spesialstyrkar mellomlanda i Longyearbyen på veg heim frå øving på Nordpolen. Norske styresmakter stramma til kontrollen, men ifølge Aftenposten var det tsjetsjenske spesialsoldatar i Longyearbyen i samband med mellomlanding i 2018 òg.

Tidlegare har Luftfartstilsynet gitt dispensasjon for flygingane til Barneo-basen etter å ha vurdert tryggleik og allmente interesser. I år set dei foten ned for dei 35 forventa flygingane. Sjølv om svaret i stor grad er politisk, blir ikkje geopolitikken nemnt med eit ord.

Grunngjevinga er mellom anna at Longyearbyen er ein liten stad som får utfordringar når mange folk blir stranda i byen som følge av forseinkingar. Dette gjeld både for flyplassen og når det gjeld kapasiteten for å huse alle menneska. I tillegg viser Luftfartstilsynet til klimaendringar og det sårbare miljøet i Arktis. Nordpol-turismen vil føre til ytterlegare utslepp i dette området.

Luftfartstilsynet har konkludert med at trafikken ikkje er ønska. Dei meiner også at å gi løyve til flygingane vil føre til presedens som igjen vil føre til auka press på naturen.

Konklusjonen er på sin plass. Noreg bør ikkje vera hub for Nordpol-turismen. I tillegg til passasjerfly mellom Longyearbyen og Barneo, flaug helikopter folk frå Barneo til polpunktet, eller så langt frå ekspedisjonsfolk ville gå. Utstyr gjekk gjennom isen og ned i havet.

Barneo-arrangørane har fleire gonger nemnt at dei kan legge flygingane sine om Russland. Så langt har dei ikkje gjort alvor av det, og forhåpentleg blir det ikkje attraktivt nok for rike turistar gitt dagens geopolitiske situasjon.

Nyt løypene i nærområdet og god helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS