LESERINNLEGG:

Nytt miljøregelverk: Bjørnar

Klima- og Miljødepartementet kom i februar med et nytt lovforslag for forvaltning av isbjørn på Svalbard. Der foreslår de en avstandsbegrensning til bjørnene, samt en plikt om å trekke seg unna.
Publisert

Den 19. februar 2024 publiserte SP eit debatt-innlegg ved adferdsbiolog Erik Grønvigsæter. Eg er ingen biolog, ynskjer ikkje å gå inn i nokon debatt, men tenkjer som fylgjer:

Alle lover og regler har ei hensikt, ein intensjon. Miljøregelverket vil gjere feltet for konfliktar mellom isbjørn og menneske helst tilnærma til null. Det er ingen kunst å snu reglar til det motsette av sin hensikt. 

Sysselmeistaren som institusjon og person samt hans folk må ein vente vil tolke reglar og vil handle ut frå «sunt vett». Dei er neppe ute etter å kunne melde rekord-mange «kriminelle».

Våre vennar isbjørnar er til for si eiga skuld og den økologiske rolla si i toppen av næringspyramiden. Isbjørn er ikkje til for turistane og arbeidsplassar si skuld. Menneska er framande i isbjørnane sitt rike og difor per definisjon eit forstyrrande element. Men dilemmaet er ikkje til å unngå. Regelverket vil hjelpe til at både bjørnar og folk kan leve med det.

Powered by Labrador CMS