LEIAR

Longyearbyen og avisa inn i framtida

Publisert Sist oppdatert

Måndag skjer det. Då skal stemmene frå valurnene teljast opp. Det blir klart kva for parti som får flest stemmer. Partia skal forhandle om posisjonar og me vil få ein ny lokalstyreleiar. Tonen i valdebattane og stemninga partia imellom har vore konstruktiv og god. Det lover godt for prosessen vidare, og for framtidas Longyearby. 

Alle er samde om at den store staten må hjelpa oss med kostnadene til energiomstilling. Fredag la regjeringa fram forslag til statsbudsjett. Det ga ikkje stor grunn til å senkje skuldrane.

Ved førre val var det tett løp mellom Arbeiderpartiet og Venstre. Arbeiderpartiet fekk 350 stemmer og fem representantar i lokalstyret. Venstre fekk 345 stemmer og fire representantar. Det viser kor viktig kvar stemme er. Statistikk frå Longyearbyen lokalstyre viser at valdeltakinga auka dei tre siste vala. Men den har heile vegen vore lågare enn på fastlandet. 62 prosent av dei som hadde rett til det stemte i 2019. I 2015 og 2011 stemte 60,7 og 56,5 prosent.

Det blir særs spennande å sjå kva deltakinga blir i år, etter at vel 400 har mista retten til å stemme og mange har ytra at dei vil sitte heime i protest.

Det er framleis ikkje forseint å putte setelen i urna. For dei som står på vippen har journalist Anja Charlotte Markussen Hansen laga ei oversikt over kva partia meiner i ulike saker. På Svalbardposten.no kan du sjå førre vekes valdebatt i opptak. Kven meiner du vil gjere dei beste grepa for Longyearbyen framover? Og kva for ein av leiarkandidatane vil gjera best jobb for byen?

Gjer deg opp ei meining og røyst. Longyearbyens stemme blir ikkje sterkare om folk held seg heime i protest. Vel kandidatane du meiner vil gjera best mogeleg jobb for demokratiet, du som kan. Me må verne om demokratiet, og samstundes heva røystene for dei som ikkje kan velja eller bli valde.

Svalbardposten vil følge valvaka måndag og publisere artiklar på nett. Den avisa du har i hendene no, er nemleg den siste vekesavisa frå oss i Svalbardposten. Ei avis som har fått fleire lesarar frå første halvår i fjor til første halvår i år, ein auke som kjem på nett. Endringa me gjer no ved å gå frå vekes til månadsavis skal betre den journalistiske flyten og krafta på nett. Samstundes vil avisa koma på papir i ein oppfriska og fyldigare versjon for lesarane som føretrekk å lese oss frå perm til perm. 

Me gler oss til tida som kjem. Longyearbyen blir aldri kjedeleg. 

God helg!

Line Nagell Ylvisåker 

Powered by Labrador CMS