LEIAR:

Å finne ro i urolege tider

Publisert Sist oppdatert

Året tikkar mot slutt. Det går slag i slag med konsertar, føredrag, julebord og turneringar for å nemne noko. Eit imponerande aktivitetsnivå på ein liten stad. Førjulstida er også ventetid. På fri og kanskje litt lys, på nissen, familie og eit nytt år med blanke ark. 

Longyearbyen ventar også. Me ventar på svar på om me vil få støtte til energi, slik at rekningane ikkje blir uhorveleg store. Spesielt ikkje for dei med dårlegast råd som ikkje kan gjere noko med varmetapet i bustadene sjølve. Me ventar også på nytt miljøregelverk, guidesertifisering og ikkje minst på Svalbardmeldinga. Vil me bli klokare av den?

I 2011 venta me på svar om Lunckefjell og framtidig gruvedrift. No veit me at kolet aldri vart henta ut av fjellet, at berre tre freda bygg og eit trafotårn står att. Også Gruve 7 går mot slutten. No skal siste rest av kol brytast ut av gruvegangane til rekordsummar. 

I mellomtida drikk Longyearbyen diesel med grådige slurkar. Drivstoff me er heilt avhengige av for å halde byen varm og operativ i framtida for Noreg og Nato. Enn så lenge står kolkraftverket som reserve, Svalbard Energi fortel at dei ikkje har nok folk til å drive det over tid. Dieselmotorane stoppar også oftare enn dei hadde rekna med. Samstundes konkluderer forskningsrådet med at det ikkje vil vera lurt å bygge energi-testsenter i Longyearbyen. Det vil koste masse, og det er nok av slike andre stader.

Det er forundarleg at me har hamna i denne knipa. At ikkje planane for overgang til diesel og fornybare kjelder var klar - før politikarane bestemte seg for å trykke på den raude knappen. At ikkje kvalitetssikringa var kvalitetssikra før røyken slutta å sive ut av pipa. 

Dieselen blir frakta til byen av selskap og båtar som også handlar med russiske fiskebåtar. Ifølge Utanriksdepartementet har sal av marin diesel til russarar vore ulovleg sidan mars.

Seinare denne månaden skal det nye lokalstyret vedta sitt første budsjett. Det er inga enkel oppgåve, men politikarane ser ut til å ta styring i ei uoversiktleg og dyr tid.

Administrasjonsutvalget, politikarane som førebur saker til endeleg vedtak i lokalstyret, foreslår fleire endringar. Dei ønsker å stramme inn pengebruken i hamna, mellom anna til nybygg, og vurde av om hamna kan betale utbytte til LL. Dei ber også om ein ny hamnestrategi og seier tydeleg at LL ikkje skal betale for å legge til rette for cruiseturistar.

Vidare ber dei om ei vurdering av om administrasjonen kan bli meir effektiv og mindre kostbar. Når nokon sluttar, skal til dømes ikkje nye inn i prosjektleiarstillingene i staben. 

Politikarane ønsker også ein gjennomgang av kva kultureininga skal tilby og korleis dette kan gjerast meir rasjonelt og effektivt.

Arbeidet for å få ei best mogeleg løysing for psykisk helsetilbod, vil dei også ha fortgang i. 

Medan me ventar, kan me få tips frå psykolog Peder Kjøs. I denne avisa fortel han kva me kan gjere for å få det betre. 

Og så er det berre å skrive ønskeliste til jul. Snø til mjuke svingar i det nye alpinanlegget, eit kvitt dekke som ikkje må regne bort. At det framleis skal vera vatn i bassenget, og yre av liv i hallen og på byens scener. Og mest av alt rolegare tider. 

Riktig god og fredfull jul, kjære lesarar.

Powered by Labrador CMS