LEIAR:

Ein alvorsprat om lyset

Publisert Sist oppdatert

Det pakkar oss inn no, det mjuke mørket. Sola tek ein lang pause og gir jobben til stjernene, nordlyset og den magiske månen som badar oss i sølv. 

Dette er noko av det som gjer Longyearbyen unikt, men dei siste åra har det blitt vanskelegare å sjå nordlyset og stjernene frå bybobla.

Det verkar som om folk ikkje er bevisste på kva lys dei set opp har å seie for miljøet rundt. At Trust Arktikugol har satt opp eit digert raudt lysskilt midt i glaninga til store deler av byens befolkning for å teste eller provoser er ein ting. 

At andre selskap i Longyearbyen set opp store lysskilt og har utelys som spreier lyset til alle kantar er noko anna. Også dei store, profesjonelle og stadig grønare bustadeigarane. «Store Norske» lyser det opp mot Skjæringa, og på veggen er det sterke grøne og blå lys på veggen der el-bilane san lade. Det er ikkje nødvendig å rope ut med grøne lys at bilparken er elektrisk. Det held å klappe seg sjølv på skuldra.

Lysande, blinkande eller bølgjande lys og lenkjer fangar og stoppar blikket. Vær så snill, ikkje gjer Longyearbyen til ein slitsom bling-bling-by. Pynt heller inne hjå deg sjølv, slik at me andre kan sjå på horisonten, inn dalen eller på stjernene. 

Månen skein over kulturhuset der Terje Aunevik som fekk ordførarkjedet 31. oktober og det nye lokalstyret vart satt. Dei har utvida stillinga til leiaren for det nye Teknisk, miljø- og nærigsutvalet mellom anna fordi arbeidet med arealplan og energi blir krevjande. Kjære politikarar, kan me få belysning inn i planen? Eit regelverk for utelys, skilt og anna lysforureining som ikkje blir gøymt og gløymt i skuffene til det skiftelege byråkratiet? 

Kor sterkt lys trengs? Kva retning skal det lyse? Kva temperatur bør det ha? Kan det styrast med bevegelsessensor? Og kan det vera mogeleg å skru av alt lyset i byen ein gong i året eller to når nordlyset dansar på sitt villaste?

Sigri Sandberg ga tidlegare lokalstyreleiar Arild Olsen ei utfordring då ho lanserte boka «Mørke», og fortalde om kor viktig mørket er, for fire år sidan. Ho ba han gjere nettopp dette, og med det gjere Longyearbyen til Noregs første stjerneby. Her har det nye lokalstyret sjansen til å ta opp hansken. 

Jon Fosse fekk nobelprisen i litteratur førre månad. Han har skrive: «Du kan aldri sjå lenger enn i mørkret». 

Legg deg på tundraen utanfor gatelysa, pust med magen og sjå opp mot himmelen og tenk litt på det. 

Line Nagell Ylvisåker

Redaktør

Powered by Labrador CMS