LEIAR I LINE NAGELL YLVISÅKER

På tide med en byggepause?

Publisert Sist oppdatert

Denne veka skriv Svalbardposten om Føniks, det gamle avfallsanlegget som i framtida kan bli ei ny storstove. Eit bygg som inneheld mykje av det folk i Longyearbyen føler manglar i dag: Buldrevegg, mekkeverkstad, nye lokalar til bruktikken, fellesverkstad, kunstnarverkstader, kontorfellesskap, kjøkken, kursrom og lokalar for metallarbeid.

Det ser fantastisk ut, men kostar også pengar. Bygget vil ha behov for betydelege oppgraderingar. Kor mykje det vil koste var ikkje klart då Svalbardposten fekk illustrasjonane denne veka. Heller ikkje korleis LL vil få inntekter, anna enn at det vil vera noko brukarbetaling, eller kor mykje som er budsjettert med.

På kort tid har Longyearbyen lokalstyre investert i ny ungdomsklubb og kunstnarsenteret Nordover med ny kino i leigde lokalar. Dette medan det gamle gallerilokalet i Nybyen er utstyrt med bøtter på golvet for å fange opp smeltevatn som lek gjennom taket etter mange år med dårleg vedlikehald.

I fjor kunne Svalbardposten melde at husleiga til Nordover og ungdomsklubben vart 60 prosent dyrare enn estimatet politikarane fekk då dei sa ja til prosjektet. Administrasjonen kunne samstundes melde at galleriet også ville få høgare inntekter enn først rekna. Korleis reknestykket faktisk blir sjåande ut, veit me først når kunstsenteret har vore i drift ei stund.

Lokalstyret har også sagt ja til ny alpinbakke med nytt skitrekk og snøkanonar. Eit kjempeviktig tilbod til byen, men også dette kostar pengar. Også her sprakk budsjettet kraftig.

Samstundes treng Svalbardhallen mykje kjærleik. Då garderobane skulle oppgraderast, vart det oppdaga store vasskadar, sopp og mugg. Det var heller ikkje membran i golvet i dusjso-nene. Vasskadene var ikkje berre i dusjsona, men i nesten alle innvendige veggar der det gjekk vassrøyr. I tillegg var ikkje brannveggane i samsvar med dagens regelverk. Prislapp: opp mot 7 millionar kroner.

I bassenget losnar flisene. Kor god kontroll har LL på kva som gøymer seg bak og under andre golv og veggar i hallen?

Det er meir gøy å kjøpe nye leiker enn å reparere dei ein allereie har.

Kulturtiltak i Longyearbyen er viktige for bulyst. Men kostnadane til vedlikehald er høge. Etterslepet har vore stort både på infrastruktur og bygg. Før me bygger noko nytt må me vite at me har råd til å betale for det me har, for framtidas rekningar på straum og varme, og ikkje minst på vedlikehald.

Det er me innbyggjarar som til slutt får rekninga. Longyearbyen er ikkje lenger ein stad folk flest kan fylle opp sparekontoen på grunn av låg skatt.

Er det på tide med ein liten pustepause? Kva er dei samla vedlikehaldsbehova i byen i åra som kjem? Kva kan me forvente at staten vil bidra med? Kva toler lommebøkene våre?

Gode helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS