LEIAR I LINE NAGELL YLVISÅKER

Grunnmuren i livet

Det er ein stor jobb for ungane som opplever at vener drar og nye kjem til, at dynamikken i klassen stadig endrar seg. Då er det gull verd å ha lærarar som ser og strekker blekksprutarmane sine over alle.

Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert Sist oppdatert

Denne veka vart lærar Troels Ørsted Yttredal ved Longyearbyen skole nominert som ein av tre til tittelen Noregs beste lærar i Supernytts kåring. Ei fantastisk fin anerkjenning for han og skulen. Samstundes viste tal frå samordna opptak at det er 21,9 færre søkarar til lærarutdanningane i år samanlikna med i fjor. Ikkje sidan 2008 har det vore så få søkarar. Det er krise, eller kan bli det om ikkje noko snur fort.

Lærarane er nokre av dei viktigaste vaksenpersonane barna har. Heilt frå 6-åringane tassar inn i den store skulegarden for første gong, er det lærarane sine blikk og armar som er med på å forme dei. Ungane skal ha tryggleik, lære seg å bli gode, sosiale vesen.

Elevar ved Longyearbyen skule har laga ein eigen plan for trygt og godt skulemiljø. Elevar ved Longyearbyen skule skal minst få eitt smil og høyre namnet sitt ein gong kvar dag. Dei skal oppleve å høyre til ein fellesskap og stille opp for medelevar som treng det. Dei skal også bidra til at nye elevar raskt blir inkludert.

Det er ein stor jobb for ungane som opplever at vener drar og nye kjem til, at dynamikken i klassen stadig endrar seg. Då er det gull verd å ha lærarar som ser og strekker blekksprutarmane sine over alle. Å vera lærar på Svalbard er kanskje ekstra utfordrande nettopp fordi det stadig kjem nye barn til klassen og øygruppa som ikkje har valgt det sjølve. Mange av dei kan heller ikkje norsk, og fleire kjem inn i klassane midt i skuleåret.

Lærarane må ta hand både om dei nye som har vanskar med språket, og resten av klassen som er midt i eit løp. Dei må stå i at elevane deira, om dei kjem seint til Longyearbyen, ikkje kan godt nok norsk til å begynne på vidaregåande. At nokre elevar stangar i ein blindveg så langt nord dei kan koma. Me må heie på skulen og dei gode lærarane.

– Nå er jeg heldig ved at jeg bare har 20 elever, men det er viktig for meg å si navnet deres hver eneste dag, og at de skal kunne gå hjem fra skolen med en følelse av å bli sett og respektert. Vi snakker med dem, og ikke til dem, seier Troels om jobben sin og 5. klasse i denne avisa.

På spørsmål om kva han meiner er det viktigaste for han som lærar, svarar han.

– Jeg skal lære dem matte, norsk og engelsk, men mest av alt skal jeg lære dem å være et menneske i det moderne samfunnet.

Me må alle gjere det me kan for å vera gode menneske for samfunnet og kvarandre.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS