MENINGER I REINHARD MOOK
Føniks og å leve over evne
«Tida si tann gnagar på alt, fjella med. Etterskottet i seg sjølv er prov på at samfunnet alt lever over evne.»
![Avfallsanlegget er flyttet til Hotellneset.](https://image.svalbardposten.no/262088.webp?imageId=262088&x=0.00&y=7.18&cropw=100.00&croph=85.63&width=960&height=548&format=jpg)
Leiaren, Svalbardposten nummer 16/2023, stadfester ved døme at Longyearbyen lokalstyre er på defensiven med å halde ved like infrastruktur og bygg. Tida si tann gnagar på alt, fjella med. Etterskottet i seg sjølv er prov på at samfunnet alt lever over evne. Mindre eller større pengesluk kan opne seg når som helst, til dømes å måtte auke forsyninga med uunnverlege drikke- og sløkkjevatn.
Arven etter å ha fått nytt og naudsynt søppel-anlegg må ikkje freiste til ytterlegare offentlege tilbod det kunne vært stas i Longyearbyen å ha. Lokalstyret vil måtte prioritere skarpt. Eg ville ikkje velje å stengje Svalbardhallen og bassenget til føremon for Føniks. Men kunne Føniks tenkjast som eit privat initiativ etter samvirke-prinsippet?