LEIAR I LINE NAGELL YLVISÅKER

Den vakre, vanskelege fridomen

Fingrane held i det blå stoffet. Syr små, faste sting. Onsdag skal fire damer frå Longyearbyen gå i sjølvsydde Svalbardbunadar. Dei skal nok veive med flagg, i raudt, kvitt og blått.

Redaktør leiarfoto.
Publisert

Fingrane held i det blå stoffet. Syr små, faste sting. Onsdag skal fire damer frå Longyearbyen gå i sjølvsydde Svalbardbunadar. Dei skal nok veive med flagg, i raudt, kvitt og blått.

Førre fredag hang Trust Arktikugol det russiske flagget utanfor Russki Dom, medan nye, store skilt pryda fasaden som vender mot byen.

– Alt som bærer preg av nasjonalistisk propaganda er ikke oppmuntring til god dialog, sa lokalstyreleiar Arild Olsen til Svalbardposten om flagginga.

Den 8. mai markerte Longyearbyen frigjeringsdagen ved kaptein Trond Astrup Vigtels grav. I år er det 80 år sidan angrepet på Longyearbyen. 25 norske og britiske soldatar ofra livet sitt på øygruppa under 2. verdskrigen. Berre Vigtel er gravlagd her, etter ønske frå byens befolkning, som eit symbol og minne om dei soldatane som fall på Svalbard i kamp for Noregs fridom.

Niandeklassingar ved Longyearbyen skole heldt tale ved grava, og sysselmeister Lars Fause trekte parallellar til den noverande situasjonen. Det er over eitt år sidan Russland gjekk til fullskala åtak på Ukraina.

– Særleg no, i urolege tider i Europa, der «den djupe freden» definitivt er over, tar vi ikkje vår fred og friheit for gitt, sa Fause ved grava.

Dagen etter rigga russarane til storparade i Barentsburg. Kring 50 køyretøy seig på rad og rekke nedover hovudgata, og det var ikkje spara på flagga. Over dura det blå og kvite helikopteret.

Ifølgje tidlegare reiselivssjef Timofey Rogozhin, som lenge har vore ei sterk motstemme til styresmaktene i Kreml, er det ikkje gjort noko liknande tidlegare. Sigersdagen har ikkje før vore feira så bevisst høglytt, med så mykje propagandastøy.

Ukrainske Kseniia Kalian, som bur i Longyearbyen, viser til den viktige skilnaden mellom den norske og den russiske markeringa. Noreg markerer fridomen, russarane sigeren. Ho såg markeringa i Barentsburg som at russarane understrekar kor «kult og flott» det er å vinne krigar.

– Folk trur kanskje at krigar er OK så lenge du vinn dei. Ein slik tankegang er farleg, og resulterte i at det russiske samfunnet ikkje klarte å hindre Russlands invasjon av Ukraina, okkupasjon av ukrainske territorium og mengder av dødsfall, skriv ho til Svalbardposten.

17. mai skal me stolte bære bunad og flagg. Me skal feire grunnloven som sikrar rettsstaten, menneskerettane og demokratiet. Kanskje tenke litt ekstra på ukrainarane som må kjempe for, og håpe på, den fridomen me har i dag. Sende ein tanke til russarane som ikkje deler styresmaktene sitt syn, og til dei ikkje-norske som ikkje kan stille til val til hausten, men som gjerne vil bidra til at Longyearbyen skal bli eit godt samfunn å leve i.

Me lever i urolige tider og kan ikkje ta demokrati, fridom og tryggleik som ei sjølvfølge.

Til lukke med dagen når den kjem, og til då: God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS