LEIAR

Ein æra er over

Publisert

Breiskuldra karar trakka mellom bygga i arbeidskleda. Messa sto varm og fylt med mat og dessertar. Ein eim av tobakk seig ut frå røykerommet, medan vekter vart løfta rytmisk opp og ned i treningsrommet lenger borte.

Inne i fjellet gnog maskiner ut kol. Ved kaia låg det lasteskip. Krana løfta av konteinarar med utstyr. 

No er Svea stille. Hola i fjella er tetta for godt. Vegar og flystripe er fjerna. Berre tre freda, raude bygg og eit trafotårn står att. Bygningane skal brukast av Unis, som også tidlegare har brukt Svea som utskoten undervisnings- og forskingsbase. 

Vemodig. Vemodig. Vemodig. Det var ordet alle dei tidlegare Store Norske-tilsette nytta førre onsdag. Då gjekk ein stor delegasjon i land ved den gamle hundegarden.

Fleire, mellom dei ministaren sjølv, hadde aldri vore i Svea. Dei fekk sjå gamle foto av staden. Her var flystripa, der var flyplassen, messa, kontorbygget. Her sov gruvebusen. 

Store Norskes styreleiar Annette Malm Justad fortalde under markeringa førre veke at ho vart overvelda då ho kom til Svea første gong i 2012. Som nyvald styreleiar kom ho med mandat om å bygge ei ny kolgruve, Lunckefjellgruva. Den vart klargjort og alt låg til rette for å hente ut kolet, men grunna låge kolprisar vart den først sett i driftskvile. Deretter vedtok stortinget å legge ned heile Svea. 

– Det har vært en kontinuerlig prosess å tilpasse seg en ny verden, seier Justad.

Ryddinga av Svea er ifølge klima- og miljøministeren det største naturrestaureringsprosjektet i Noreg i storleik. Det er viktig at vi gir noko tilbake til naturen når me er ferdige med å låne det, seier han. Han understrekar også at prosjektet er viktig for norsk svalbardpolitikk sidan svalbardmiljølova er overordna all anna aktivitet.

Store Norske og samarbeidspartnarane fekk honnør for at Svea-prosjektet vart gjort både raskare og billigare enn først venta. Det første kostnadsanslaget var på 2,5 milliardar kroner, medan totalkostnaden ser ut til å bli 1,6 milliardar kroner. 

Men kva gjer det med eit selskap å rydde bort sin eigen kultur? spurte Justad på markeringa førre onsdag, før ho ga honnør til gruvebusen.

Svea, eller det som var Svea, peikar også framover og nordover. Mot Longyearbyen og 2025 då den siste norske gruva, Gruve 7, skal stenge. Over 100 år med gruvedrift er over. Kulturen som har vore grunnfjellet i befolkninga.

Tysdag vedtok politikarane i periodens siste lokalstyre at Energiverket skal fyre diesel for å halde oss varme allereie frå i haust. Men dieselvarmen kostar. Både i kroner og vemod. No må me brette opp ermane for å bygge framtidas, gode Longyearby. 

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS