LEIAR

Nye tider

Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert Sist oppdatert

Eg hadde ikkje trudd at det var eg som skulle gjere dette. Eg som elskar papir. Vekta i hendene. Lukta. Å pakke ut bunker med aviser og å spent bla gjennom for å sjå at ikkje noko gjekk gale mellom hovud og trykkeri.

Då eg kom til Svalbardposten som praktikant i 2004 var det godteri på pausebordet, fellesmiddag på Huset og håp om å rekke ein øl i puben før serveringa stengte onsdagskveldane.Då eg var ferdig utdanna og fekk jobb i avisa i 2006, tok redaktør Birger Amundsen av seg sokkane og sat berrføtt i sandalane då han hamra ned leiaren onsdag kveld.

Avisa gjekk i trykken grytidleg torsdag morgon. Me hadde heile natta å bli ferdige på. Men det var det å rekke ein samtale over den ølen, då. Torsdag ettermiddag kika me ut vindauget for å sjå om posten hadde kome med dei raude pappøskjene med aviser. Sprang ut og lempa dei inn i bilen som skulle køyre dei til utsalsstadene morgon etter. Folk leste avisa frå perm til perm. Tok den med seg på hyttetur, på flyet, til sofaen.

I 2006 fekk Svalbardposten nettavis. Først låg sakene gratis ute, deretter vart avisa ei av dei første i landet til å ta seg betalt for nyhende også på nett. I starten var rytmen slik at me først hadde alle sakene i papiravisa, så posisjonerte me dei ut på nett veka etter. Viktige hendingar vart rapporterte der og då. I dag er det motsett. Nyhendene kjem først på nett, rykande ferske, så blir dei satt inn i papiravisa.

Sidan nettavisa vart fødd, har Svalbardposten kome i ein stadig vidare spagat. Lesarane forventar saker på nett fortløpande når det skjer, med fleire foto, gjerne video og lyd. Stadig fleir av abonnentane våre les oss berre på nett. Samstundes «brekker» journalistane sjølve avissidene og sender dei til trykk i Tromsø. Ein prosess som framleis tek like mykje tid som før, men no kan me ikkje lenger bruke natta. PDF-fila skal vera sendt til trykkeriet onsdag klokka 16.

I dag er det to journalistar og meg som utgjer redaksjonen i Svalbardposten. Me skal dekke alt som skjer: lokalpolitikk, storpolitikk, klima- og miljøendringar, festivalar, delegasjonar som kjem opp frå sør. Dag, kveld og helg. I ein periode hadde me ein ekstra 60-prosent stilling for å styrke nettet. Det har me ikkje økonomi til i dag.

No gjer me grep. Ved å bli månadsavis sparer me pengar på trykk og frakt, og me sparer ikkje minst tid som journalistane kan bruke på å produsere journalistikk med nett som hovudflate. Samstundes vil lesarane våre framleis få nyhende på papir. I kjent, oppfriska A4-format, med leiar, reportasjar og nyhendesaker. Ei fyldigare avis for vaksne og barn.

Me gjer fleire tiltak for å betre økonomien slik at me kan lage meir journalistikk. I desse dagar prøver me igjen å få eit Svalbard­tillegg på pressestøtta, slik at me minst kjem opp på nivå med Troms og Finnmark. Svalbardposten har ei unik rolle. Me vil gjere det me kan for å oppfylle den best mogeleg, men å lage journalistikk kostar pengar.

Eg er overtydd om at månadsavis er heilt riktig. Tida går. Også på Svalbard. Og me må henge med etter beste evne.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS