PopUp nominert til pris

PopUp Norge med Jannet Aksnes i spissen er nominert til Årets bedrift i Sogn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ideen til konseptet ble unnfanga under pandemien som eit utslag av det Jannet Aksnes kallar «covid-depresjon».

– Me er ein gjeng med vaksne damer som ville finna noko positivt under coviden. Når me ikkje kunne reisa nokon plass, fann me ut at me ville invitera dei kulaste kokkane til verdas vakraste destinasjon, seier ho til Sogn Avis.

Kokkar fra toppsjiktet vart utfordra til å sette sammen en meny på sju til ti retter servert i pittoreske omgjevnadar på det historiske bygdetunet Otternes i Aurland.

Seinare holdt Aksnes PopUp i Gruve 3 i Longyearbyen.

– Denne såg eg ikkje koma. Me er nøgde berre med å vera i det gode selskap. For oss er dette å vinna, seier Aksnes til Sogn Avis.

Kåringa:

Sogn Avis kårar årets bedrift i regionen saman med Næringsnettverket i Sogn. Dei har plukka ut ti verksemder frå heile Sogn som dei meiner har skilt seg ut i året som har gått.

I ein artikkelserie vil Sogn Avis presentera desse ti verksemdene for lesarane, før me lanserer ei avstemming på sognavis.no der lesarane får avgjera kven som er årets bedrift i 2023!

Vinnaren vil bli presentert på Næringskonferansen i Flåm 20. oktober.

Powered by Labrador CMS