LESERBREV:

Skitrekk, teknisk snø og tråkkemaskin

Alpinbakken i Longyearbyen før arbeidet med å forlenge den gikk i gang.
Publisert

Det blir eit svært sprang frå det lille historiske trekket ved skulen til bakken byen kan glede seg til. Det er all grunn til å takke, men samstundes vere medviten om oppgåver eller prosjekt som for bakkens skuld er satt på vent.

Ressursbruk

Å drifte trekket og bakken har sin pris. Teknisk snø kostar ferskvatn og diesel-produsert elektrisk energi. Ein omtrentleg regel seier at 2 m3 teknisk snø laga ved lufttemperatur –10 grader celcius krev 1 m3 vatn og 6 kW/time elektrisk kraft. Vêr og metode gjev store sprik i snø-utbytte. Trekket treng energi, tråkkemaskina likeså. Båe slepp ut karbondioksid.

Teknisk snø

Teknisk snø er grovare og kuleforma. Naturleg snø veks til forgreina sekskantar under vegs til bakken over lengre tid. Teknisk snø kan veie opp til 500 kg/m3, mot ned i berre 80 for tørr naturleg snø. Tråkk aukar densiteten. Evna til å lede varme er for teknisk snø større enn naturleg snø, likeså evna til å magasinere kulde. I sum av alle eigenskapar tinar teknisk snø seinare enn den naturlege.

Miljøet

Terrenget dekt av teknisk snø blir bert seinare, får nedsett tilført oksygen og får auka smeltevatn. Mykje vatn i hallande laus masse kan fremje at ho kryp. Væte, ved å fordampe lågare bakke-temperatur og rørsle påverkar vegetasjonen. Enkelte statar, med andre Noreg, tillèt vatnet til teknisk snø tilsett proteïn som støtter frysinga. Ein brukar døde bakteriar. Verknaden på flora og fauna er vurdert kontrovers. Alt etter type er snømaskiner støykjelder. Flaumande ljos over bakken, uansett skjermar mot himmelen, vil bli kasta til vêrs av snøen og bidra til byen si forureining med ljos.

Lage snø

Prinsippet går ut på ved komprimert luft å sprute støv av vatn over bakken. Ekspansjon av lufta er fysikalsk arbeid som senker temperaturen. Fordamping av dråper skjuler varme i dampen og kjøler òg. Med omsyn til lufttemperatur og trykk av vassdamp er klimaet på Svalbard gunstig for å produsere snø. Øvre grense for å lage teknisk snø er fuktkuletemperauren (= temperaturen til fordampande dråper) -2 grader celsius. Sprute vatn ut høgt over terrenget gjev dråper tid i fall til å fryse, men gjer sterkt avhengig av vind.

Powered by Labrador CMS