LEIAR:

Is og eld

Redaktør Line Nagell Ylvisåker.
Publisert Sist oppdatert

Etter ein vinter som har vore full av uføresette utgifter til energi, er det godt å bli pakka inn av isen og kjølt litt ned. Butikkar, restaurantar, tenesteleverandørar og det statlege og offentlege sjølv får auka straumprisen. Mange frå 2,67 til 4,97 kroner per kilowattime. Fjernvarmen blir også nesten dobbelt så dyr for næringane. Det kjem på toppen av auka renter, dyrare fly og frakt og eins særs vanskeleg bustadmarknad. 

Innbyggjarane blir også sugd inn i kostnads­spiralen. Alt blir dyrare for alle.

Det er ikkje lett å navigere i. Kva skal me planlegge for? Kven vil gå på grunn? Vil nokon ta inn vatn, kanskje søkke, før staten kjem på banen? 14. mai blir revidert nasjonalbudsjett lagt fram. Det bør gi pusterom. Ikkje lenge etter skal Svalbardmeldinga offentleggjerast for oss som bur her. No blir den pussa og kvessa på kontor i Oslo-byen.

Det er som seglbåten som skal navigere i ein fjord full av isbaks. I slutten av april brukte dei små båtane lang tid inn mot hamna i Longyearbyen. Isklumpar pressa mot skroga som klumpar seg saman i hamna allereie i april. Dei som kjem for å sjå at breane smeltar, og kanskje ligge nær isbjørn med båt før det blir ulovleg.

To båtar har allereie gått på grunn under tjuvstarten av sesongen. Ein tredje fekk assistanse etter brann om bord sørvest for Spitsbergen. Marginane er små. Konsekvensane ved utslepp, eller om mange passasjerar kjem i naud, er så store. 

Så langt har ikkje tiltak bremsa turisttrafikken til havs. No står det att å sjå om det nye regelverket som er vedtatt og føreslått gjer det.

Rett som det er kan ein ta seg i å tenke: Er det meininga at me skal vere her i det heile? Både med tanke på den sårbare naturen me trakkar i, og kva det kostar av kroner og krefter å bli.

Så kjem det dagar der me kan stå på toppen av alpinbakken som endeleg har opna - dytte bort tanken på korleis millionane den kosta kunne balle slik på seg - og sjå på dei glade ungane som susar og hoppar. På dei vaksne som har tatt fram skia som har rusta på kantane. Og eldsjelene, dei fantastiske frivillige som tek seg av ungane som ikkje kan bremse og svinge. Som sluser alle inn i bakken, ut i fri luft, bort frå ipadar og spelemaskiner.

Og medan isen baksar i fjorden, snøen smeltar fram asfalten og ferske alpinistar nyter den siste snøen i alpinbakken, tek russen på seg den raude dressen. Dei brukar ikkje store pengar på bråkete bussar, men seier: det viktigaste er at alle skal vera inkludert. 

God mai! 

Powered by Labrador CMS