Fra selskinn til anorakker

Les Marit Karlsen Brandal sin historie om da hun sammen med mannen overvintret på Gråhuken.

Steinulf  og Marit i flotte egenproduserte selskinnsanorakker.
Steinulf og Marit i flotte egenproduserte selskinnsanorakker.
Publisert

Overvintring på Gråhuken

Marit Karlsen Brandal og Steinulf Smith-Meyer tok eit avbrekk i studia og overvintra på Gråhuken 1982/83.

Her er eit utdrag av boka GRÅHUKEN - fangst og ferie på 80 grader nord, utgitt i 2017.

Forfatter er Marit Karlsen Brandal.

Alle foto: Marit Karlsen Brandal og Steinulf Smith-Meyer

Selfangst på Gråhuken, del 2.

Isen på Woodfjorden hadde vore ustabil i februar. Eine dagen kunne den fylla heile fjorden, for so neste dag å driva fort ut fjorden mot nord. Det var derfor farleg å bevega seg utpå, so vi lot selen få fred. Men i slutten av mars, mesteparten av april og mai var det stort sett gode forhold til å driva snaddjakt på fjorden. Isen låg stabil og relativt flat. Einaste utfordringa var bamsen, som nytta dei same jaktområda som oss.

Klar for selfangst på isen.
Klar for selfangst på isen.

Snadden var svært sky. Mykje meir sky enn selen som til vanleg låg på isen i Adventbukta utanfor Longyearbyen. Der kan (kunne) ein lett koma på potensielt skuddhald , medan ein her nord må lura seg innpå selen på ein heilt annan måte. Ein gong vi fekk scooterbesøk frå ein gjeng fastbuande i Longyearbyen, var dei gira på å skyta ein av dei mange selane som låg på isen ved å nærma seg med scooter. Dei trudde ikkje noko på at det var forskjell på å skulle jakte her enn ved Longyearbyen, og skulle derfor syna oss korleis dette skulle gjerast. Ein av dei køyrde derfor med scooter utpå isen, men erfarte fort at selen raskt forsvant i pusteholet sjølv om han var langt, langt ifrå.

Vi hadde sett bilete frå Grønland der dei nærma seg selen ved å kle seg i kvitt og/eller skjula seg bak eit kvitt segl festa til ein slede. Kjelken som vi tidlegare hadde funne ved hytta «Villa Rave» på Elvetangen i Wijdefjorden, hadde vi derfor tenkt å bruke under seljakta. Steinulf laga eit stort kvitt segl av laken til sleden. Dette hadde eitt hol for geværet, og eitt for auget. Lakenet ville vonleg gå i eitt med isoverflata til vi kom nær nok for å skyta. I tillegg sydde eg ei «drakt», bukse og overdel, også av kvitt laken, som ekstra kamuflasje.

Eg siterer frå dagboka:

Steinulf ser nokre snadd utpå isen. Han snik seg innpå med «laken-drakta», og dreg sleden etter seg. Eg heldt Rabben heile tida på svært god avstand. Selane merka at noko bevega seg på isen, og dei alle heva av og til hovudet og byrja verta urolege. Steinulf måtte derfor gå svært sakte, og kom seg om lag 200m frå selen, før han la seg bak seglet på sleden slik at han kom endå nokre meter nærmare. Bomskot på første! So til neste snadd. Bom, og nok ein sel for ned i holet. Men no hadde Steinulf fått blod på tann og fortsatte derfor til neste snadd. Den traff han!

Marit Karlsen Brandal jobbar ved spekkbenken.
Marit Karlsen Brandal jobbar ved spekkbenken.

Vi flådde selen alltid i full fart rett etter den var skoten. Det var ofte ein kamp mot klokka å i det minste få av skinnet før eventuelt ein isbjørn ville nærma seg. Dersom vi fekk tid, tok vi med ryggkjøttet og sveivane som mat til oss, og mesteparten av det andre kjøttet til Rabben. Og kom der ikkje ein isbjørn mot oss medan vi jobba med selen på isen, hende det ofte vi i staden såg at ein bamse herja ved hytta slik at vi likevel måtte skunda oss heim.

Bamsene koser seg med restene under spekkbenken.
Bamsene koser seg med restene under spekkbenken.

Det var svært mange isbjørnar på fjorden og ved hytta i denne perioden når fjorden var dekka med is. Heile tida hadde vi ein eller fleire bamsar under observasjon. Det meste på ein gong var ni stykkjer.

Beredning av selskinn

I Polarboken 1977-1978 har tidlegare fangstmann Odd Lønø skreve om korleis eskimoane bereda selskinn. Vi nytta denne måten å gjera det på, i tillegg til at vi også hadde med sagmask til bruk i prosessen. Sagmask trekker effektivt til seg feitt, noko vi hadde sett under tromling av skinn på Brandal. Eskimoane hadde sine naturlege grunnar til å ikkje nytta sagmask, då det ikkje akkurat er so mange tre på Grønland.

Marti spenner opp og tørker selskinn utenfor hytta.
Marti spenner opp og tørker selskinn utenfor hytta.

Steinulf hadde kjøpt ulo på Grønland. Ulo er ein liten kniv med bua egg, og er i vanleg bruk hjå eskimoane til spekking av selskinn. Til uloen hadde han laga eit handtak av reinhorn. Etter å ha fjerna det meste av spekket med spekk kniv, vart uloen brukt til resten. Denne «følgde» skinnet meir enn vi fekk til med kniven, og gjorde det lettar både å skjera vekk spekk og å unngå kutt i skinnet. Til slutt skrapa vi nok ein gong over spekksida med ei vanleg skei for å få vekk dei siste synlege restar av spekk før skinnet vart bada i sagmask.

Det var viktig at selskinna var heilt tina og mjuke under spekking, ellers var det lett å skjera hol. Dersom vi hadde halde dei frosne før spekking, skar vi vekk deler av spekket før vi la dei i sjøen til tining. Ofte byrja skinnet frysa att medan vi spekka. Då var det berre å la skinnet få seg ein ny omgang i sjøen til det var heilt mjuk att, før vi kunne fortsetja spekkinga. Var det svært kaldt, kunne derfor spekkinga ta si tid.

Vi satte opp spekkbenk både i Mushamna og på Gråhuken. Det var viktig at spekkbenken hadde ei jamn overflate slik at skinnet låg heilt flatt når vi brukte kniv og ulo. Det spekket vi ikkje trong til åte i revefellene, vart kasta på sjøen eller isen til stor glede for stormåsen.

Restar av sagmask og blod på skinnsida, vart til slutt skylla av i sjøen. Vi stod gjerne ute i bylgjene med skinna, og til større bylgjene var, til lettare vart skyllinga. Vi brukte i tillegg ein kost for å få dei «heilt» reine. Var spekking ein skitjobb, kunne vi trygt seia at dette var ein kald jobb. Sjøen heldt 2-3 grader, so etter å stå slik med støvlane uti sjøen i mange minutt for å skylle skinna, var beina (og hendene) kjendslelause.

Etter dette la vi skinna i såpevatn i eit døger. Vi hadde ikkje same såpe som eskimoane nyttar (Niogen), og prøvde oss derfor fram med både grønnsåpe og biotex. Etter eit døger i såpe vaska vi skinna på ny grundig i nytt vatn og såpe. Og etter 6-7 skyllevatn vart dei endeleg, for siste gong, skylla i sjøen, før dei vart hengt til avrenning.

Vi kunne ikkje sjå at det hadde noko å seia kva slags såpe vi brukte. Grønnsåpe eller biotex gjorde same nytta. Men vi la dei gjerne først i grønnsåpe i 2-3 timar for å ta vekk det grøvste, før vi la dei i biotex. Sidan dette fungerte godt på kleda våre når dei skulle vaskast reine for spekk, var det kjekt at det også fungerte på selskinna.

Før vi kunne spenna ut skinnet på ei ramme, måtte alle hol syast att. Det var både kule-, auge- og luffehol. I tillegg kunne der kanskje vera noko som måtte fiksast dersom vi hadde vore uheldig med kniven. Etter at alle hol var tetta att, snitta vi nye små hol rundt heile kanten av skinnet i passe avstand (10-15 cm) for å kunne tre tau gjennom og spile ut skinnet på ei treramme.

Snaddskinna hadde vi ute til tørking so ofte det let seg gjera. Men det var ikkje alltid véret tillot dette, so då fyllte rammene det oppvarma romet inne også på dagtid. Om natta hadde vi dei alltid inne. Den delen av skinnet som hang øvst på ramma, tørka og vart fort stivt, medan den delen som var langs golvet ikkje tørka i det heile. Det var derfor viktig å snu rammene, slik at skinnet ikkje surna i den nedre delen

Etter 3-4 dagar var skinna ofte tørre nok til å takast av rammene. Dei var då heilt stive, og kunne tørkast vidare utan ramme. Dei vart soleis lettare å handtera inne.

Spekking, vask og tørk av storkobbeskinn vart gjort på same måten. Forskjella var berre den at skinnet måtte liggja fleire timar i sjøen før det tina nok til spekking. Hola som skulle syast måtte gjerast med seilhandske for i det heile tatt å få nåla gjennom. Og ramma skinnet vart spila ut på, var større enn hytta, og måtte derfor uansett vera ute. Tørkinga gjekk derfor seint, og det eine skinnet surna der det sod ute i storm og stille og til slutt snødde ned.

Det var et møysommelig arbeid å tygge skinnet.
Det var et møysommelig arbeid å tygge skinnet.

Den siste og mest tidkrevande delen av bearbeidinga, var å gjera skinna mjuke att etter tørking. Eskimoane tygde skinna både for å gjera dei mjuke, og for å få ut dei absolutt siste restar av spekk. Dermed var det berre å innsjå at vi hadde fått endå eit gjeremål under mørketida, nemleg å tygge skinn. Men korleis dette skulle gjerast, hadde vi ikkje funne noko oppskrift på. Uansett var det ikkje so mange valg vi hadde på korleis det faktisk kunne gjerast.

Tygginga var svært tidkrevande, og det gjekk med mange timar. For å kunne handtera skinnet under tyggeprosessen, vart det kutta i dei ulike mønsterdelene til det vi skulle sy. Det kunne det maks vera 0,5 cm mellom kvar tyggerad for å sikre at alt feittet var vekk. Og vi måtte tygga slik at det på pelssida vart «med» håra. Dette fann vi sjølvsagt ikkje ut før eg hadde tyggi «ein omgang» på tvers av den vegen håra låg. Dermed fekk alle håra her ein knekk og viste att som ei tydeleg stripe på pelsen.

Smaken av selspekk døyvde vi med akevitt. Alkoholen løyste også opp feittet vi nødvendigvis fekk i kjeften, og gjorde i tillegg jobben meir lystig og attraktiv. I byrjinga gjekk det hardt utover akevitten, men etterkvart som vi vende oss til det, kunne vi jobba ved hjelp av mindre alkohol. Når vi arbeidde so intenst med skinnet, vart det også ei inngrodd spekklukt av hendene våre. Steinulf fortalde meg ein kveld vi hadde sete med kvar vår skinnbit i kjeften og tygd, at no hadde han endeleg funne ei lukt som overdøyvde spekklukta på fingrane. Han hadde prøvd å klø seg i øyra, på ballane og i ræva for å få ny lukt på fingrane. Men like forbanna sat spekklukta. Men når han fjerna svarte lakrisbåtar mellom tærne, fekk han endeleg ei ny «frisk» lukt på fingrane.

Det ble sydd flere plagg av selskinn. Her er Steinulf Smith-Meyer i gang med å synåla.
Det ble sydd flere plagg av selskinn. Her er Steinulf Smith-Meyer i gang med å synåla.

Klede, sko og diverse

Til ein anorakk av selskinn trengde vi seks ferdigtørka skinn. Min gamle Norrøna anorakk vart mal, bortsett frå at kroppen og hetta vart gjort vidare og armhola større. Når vi skulle klippa opp skinnet var det viktig å passa på at håra kom til å gå rette veg på det endelege produktet, og også unngå eventuelle stygge områder på selskinna.

Etter at bitane var ferdig tygd, laga vi hol for synåla rundt skinnbiten. Vi brukte syl og hammar, og passa på å ha om lag same avstand mellom kvart hol. Deretter vart skinnstykkja sydd saman med ei bua nål og ein spesialtråd. Ein spesialhanske til å sy i skinn med var til god hjelp for å skåne fingrane. Vi gjekk imidlertig tom for spesialsytråd, men fann ut at tannråd gjorde same nytta. Til fôr i anorakkane nytta vi stoffet i postsekkane vi fekk alle breva våre i. Det var eit tynt, silkeliknande, gult stoff, påtrykt POST og eit raudt posthorn. To sekkar var nok til begge anorakkane. Rundt hetta hadde vi tørka skinn frå dei halvt oppetne revane vi fekk i fella.

Anorakken enda opp med å verta eit svært varmt plagg. Men kvar gong før anorakken kunne nyttast som eit vanleg plagg, måtte vi ha den på kroppen i ein times tid. Varmen frå kroppen gjorde skinnet etterkvart mjukt nok til at det vart behageleg å ha på.

Did you ever shoot a seal, I mean a snadd ? spør Christiane Ritter i eit brev.

No, of course not! You liked the animals alive, svarar ho seg sjølv vidare i brevet.

Eg sende henne bilete av oss med snaddanorakkane på, som svar på dette spørsmålet. Og ho tykte dei var «beautiful and fashionable». Men kva ho eigentleg tenkte får vi aldri vita.

Vi sydde også sko, vottar og «bjørnefitter» av selskinn. Det siste er eit vanleg namn på huer som går over øyrene og ned under haka. «Bjørnefittene» fôra vi med reveskinn, som gjorde dei svært varme og behagelege i bruk. Selskinn vart i tillegg nytta til å lage belter, feltvesker, slips, penalhus og slirer.

Powered by Labrador CMS