DEBATT:
Flytt fredsprisen til Svalbard
«Ei Fredsøya kunne symbolisere vern av det moralske mangfaldet», skriv artikkelforfattaren.
Foto: Privat
Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det finst augeblikk der ein institusjon må stille seg sjølv eit grunnleggjande spørsmål: Kva er det vi eigentleg forvaltar?
Det Norske Nobelinstitutt er sekretariat for Den Norske Nobelkomité. Instituttet førebur arbeidet med Nobels fredspris, driftar Nobelbiblioteket og arrangerer faglege møte og seminar. Men fredsprisen er meir enn administrasjon. Han er eit moralsk kompass i ei uroleg verd.
Ein slik pris kan ikkje bere med seg mørke arr. Han må stå utan skugge. Han må vere openbert uavhengig – ikkje berre i praksis, men i uttrykk.
Når offentlegheita dei siste åra har vore prega av rolleblanding, habilitetsspørsmål og maktmisbruk i norsk samfunnsliv, vert eitt poeng tydeleg: Tillit er ikkje noko ein eig. Det er noko ein fortener – kvar dag. For ein institusjon som forvaltar verdas mest prestisjetunge pris, er dette ikkje perifert. Det er avgjerande.
Omdøme kan ikkje forsvarast med ord åleine. Det må styrkjast gjennom handling. Skal fredsprisen halde det nivået av respekt han historisk har hatt, trengst det meir enn forsikringar. Det trengst ei tydeleg handling. Ei synleg fornying. For å bevare og styrkje den internasjonale respekten må ein syne handlekraft – ei endring som viser at Noreg tek dette ansvaret på djupaste alvor.
I dag ligg Nobelinstituttet i hjartet av hovudstaden. Historisk har det hatt si rolle. Men i ei tid med aukande polarisering, global uro og svekka tillit til institusjonar, bør fredens forvaltar stå synleg over det daglege maktspelet.
Alfred Nobel sitt testament frå 1895 fastsette at fredsprisen skulle delast ut av ein komité vald av Stortinget i Kristiania (no Oslo). Testamentet omtalar ikkje eit Nobelinstitutt eller ei bestemt fysisk plassering av eit sekretariat. Det Norske Nobelinstitutt vart etablert i 1904 som sekretariat for komiteen. Dagens lokalisering er difor eit historisk resultat – ikkje ei uttrykkeleg binding i testamentet.
Å diskutere plassering er såleis ikkje å utfordre Nobel si vilje. Det er å drøfte korleis fredsprisens institusjon best kan forvalte sitt ansvar i vår tid. Dette er ikkje distriktspolitikk. Det er ikkje regional gevinst. Det er eit prinsipielt spørsmål om institusjonell truverd.
Svalbard representerer noko anna. Eit sårbart arktisk landskap, regulert gjennom Svalbardtraktaten av 1920, der fleire nasjonar har rettar og plikter, og der menneske frå ulike land lever side om side i eit av verdas mest utsette økosystem. Ved sida av Svalbard globale frøhvelv – der verda lagrar frø for å sikre framtidig matforsyning – kunne det etablerast ei ny symbolsk forankring for fredsprisens institusjon: ei «Fredsøy».
Frøhvelvet vernar det biologiske mangfaldet. Ei Fredsøya kunne symbolisere vern av det moralske mangfaldet.
Dette handlar ikkje om å «flytte moral». Geografi åleine skaper ikkje moralsk autoritet. Det er komiteens medlemmer og deira integritet som avgjer fredsprisens truverd. Men institusjonar lever òg av symbol og av den tilliten dei evnar å skape.
Å forankre fredsprisen i eit arktisk landskap, regulert av ein internasjonal traktat og prega av sårbarheit, ville vere meir enn eit geografisk grep. Det ville vere eit tydeleg signal om avstand til nasjonal makt og dagleg politisk sentrum.
Ei slik endring ville seie: Her har vi ingenting å skjule. Her finst ingen mørke rom. Her finst berre ansvar.
Det ville òg signalisere at fred er større enn nasjonal prestisje, større enn hovudstadens maktsentrum, og at han høyrer heime der framtida står på spel.
Ei slik plassering ville bidra til å styrkje øygruppas rolle som symbol på internasjonalt samarbeid og ansvar. I ei tid der Arktis får aukande geopolitisk betydning, kan tydelege fredssymbol ha ein stabiliserande og samlande funksjon.
Tillit vert ikkje skapt av koordinatar, men av handling. Når tilliten vert utfordra, er det ikkje nok å forsvare seg. Då må ein fornye seg – og syne det i praksis.
Difor bør Stortinget ta initiativ til ei prinsipiell utgreiing om plasseringa av Det Norske Nobelinstitutt. Skal institusjonen framleis vere lokalisert i maktas sentrum – eller skal han forankrast i eit landskap som minner oss om kva som står på spel for menneskeslekta?
Vi har alt valt å lagre verdas frø i permafrosten for å sikre framtida. Kanskje er det på tide å styrkje fredens integritet gjennom ei like tydeleg handling.
Flytt instituttet nord.La fredsprisen stå der verda ser han klårast.
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne i mot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.