LEIAR:
Kva er ein heim?
Me må rusta oss for kriser større enn nokre dagar utan kylling på Svalbardbutikken, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker denne leiaren.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
Denne månaden har Svalbardposten starta ei ny spalte, «Bli med heim». For det er mange av oss som har heimen her. Tryggleik, varme, minner og ting som gjer oss glade.
Longyearbyen skal snart gjennom ein stor ombygging. Hybelhus og rekker med leiligheiter skal rivast, sidan dei statlege selskapa meiner det er billegare å rive og bygge nytt. Blokker skal reise seg. Kva skjer med spisshusa og byens sjel?
Svalbardposten dokumenterer korleis bustadene ser ut i dag. Me prøver også å finne svar på kva som skal til for at svalbardianarar skal trivast der dei bur. Kva er det viktigaste i ein bustad? Kva gjer at eit bygg går frå å vera eit skall til å bli ein heim?
Ein annan faktor for trivsel i ein bustad er jo at flyttelasset faktisk kjem fram. Den varme dyna, gjenstandane som bind ny og gamal tid saman. I januar vart byens einaste fraktebåt, «Norbjørn», ni dagar forseinka etter først å ha vore planlagt ute av drift ein månad. Ikkje behov for ekstra båt eller erstatningsbåt, sa Posten. Ikkje alle er like samde i det.
Me klarer oss utan fersk kjøtdeig, utan sju typar salat og mjølk eit par dagar. Me kryssar fingrane for at det ikkje blir dyrare å handle på Svalbardbutikken, reise på naudsynte turar til fastlandet – og på å bu. Men medan me handlar friske blomar frå butikken, no som båten endeleg har lagt til kai, blir det kaldare kring oss.
Me må rusta oss for kriser større enn nokre dagar utan kylling på Svalbardbutikken. Og når ministrane peiker på kvarandre for kven som har ansvaret for frakta til Svalbard, og til slutt på Sysselmeisteren som ansvarleg for å koordinere forsyningstryggleiken, korleis står det då til på andre felt?
24. februar er det fire år sidan Russland gjekk til fullskala angrep på Ukraina. Allereie i 2014 mista Katerina Shabratska barndomsheimen sin i Donbass. Mora og broren flykta til henne i Kharkiv. Etter fleire år i Barentsburg flytta ho tilbake til den ukrainske byen fram til 2022, då bombene byrja å falle også der. Då reiste ho «heim» til Svalbard og vener frå Barentsburg som no hadde busett seg i Longyearbyen.
– Når jeg drar til Ukraina, føler jeg ikke at det er mitt hjem lenger, men det er hjemlandet mitt. Der er det familie, minner, kultur og språk, men jeg føler at Longyearbyen er hjemme. Her har jeg leilighet med tingene mine, venner, jobb og støtte. Men på samme tid vet jeg at jeg bare er gjest som må dra på et tidspunkt. Det er norsk territorium.
Det seier ho i avisa som kom på papir og som e-avis i dag. Katerina har hermetikk, bokhvete og masse vatn heime. Ho må vite kva ho kan gjera om noko skjer her. Korleis ho kan hjelpe.
Om krisa råker må me passe på kvarandre. Det er også menneska og samhaldet som gjer Longyearbyen til ein heim. Så må me berre håpe at planane styresmaktene har lagt for oss hindrar at kriser skjer, og at Svalbard er budd om dei kjem.
Kva planene er, får me ikkje vite.