LEIAR
Det er viktig å bevare historia
Redaktør lurer på kvifor det er så viktig for Kunnskapsdepartementet å rive brakkene i Nybyen.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
Nybyen er eit av Longyearbyens eldste og viktigaste kulturmiljø, verna gjennom arealplanen. Den fortel om korleis Noreg gjenreiste gruvesamfunnet etter 2. verdskrig. Om busen som hadde arbeidsplassen sin inne i fjellet, og når de kom ut etter skift var det til tomannsrom med felles messe.
Den fortel om studentane som budde i si eiga boble like utanfor byen. Med skia klare til å traske opp på breen, og hustak der dei kunne sole seg etterpå. Men dei fortel også om korleis det statlege og offentlege har vanskjøtt bygga dei har hatt ansvaret for.
Studentbrakkene, som er eigd av studentsamskipnaden med Kunnskapsdepartementet i ryggen, var i særs dårleg stand då skreda dundra inn i sentrum av Longyearbyen i 2015 og 2017. Med grunngjeving i skredfare også i Nybyen, fekk studentsamskipnaden pengar til å bygge nytt på Elvesletta. No har eigardepartementet bedt dei om å finne ut om dei gamle brakkene kan rivast. Kan lokalpolitikarane fjerne vernestatusen med korrekturlakk når arealplanen skal reviderast att?
Dei private selskapa som har leigd brakker har fått oppseiingar på leigekontrakten, 70 hyblar til saman. Det finst ingen alternativ andre stader i byen.
Samstundes som studentbustadane vart flytta, gjekk private aktørar i gang med å planlegge skredgjerde på toppen av Gruvefjellet. Dei skal hindre snø i å danne skavlar langs kanten av fjellet over bygga, og slik redusere faren for at bygg må evakuerast vinterstid. Staten vil ikkje bruke pengar på å sikre Nybyen, men aktørane vil bygge det sjølve. Dei ønsker å ta vare på bygga dei leiger ut til turistar, og ta vare på og fortelje gruvehistoria. Søknaden ligg framleis hjå Sysselmeisteren. Samstundes pressar staten sjølv på for å få sanert sine brakker. Dei er dyre å ha og vil koste mykje å rehabilitere.
Kor mykje kan forsvinne før Longyearbyen mistar identiteten sin? spør LPO Arkitektar i stadanalysa dei publiserte i vår. Nybyen føyer seg i ei rekke. Telenor får rive og bygge opp att eit justert Blåbygg på Skjæringa. Statsbygg og Store Norske vurderer å rive spisshusa. Etter at Sverdrupbyen gjekk opp i røyk under brannøving, og all historie frå nyare gruvesamfunn vart fjerna frå Svea, vert Nybyen enda viktigare for å fortelje Noregs etterkrigshistorie på Svalbard.
Er det skredfaren eller utsiktene til å spare pengar, og å sleppe å betale for tiår med dårleg vedlikehald, som er grunnen til at staten foreslår å rive? Om staten ikkje vil ta vare på bygga, kvifor ikkje legge dei ut til sals slik at private kan gjere det? Er den eigentlege grunnen at dei vil rive bygga for å justere innbyggjartal og samansetning? Det er nok ikkje norske familiar som er innkvarterte i Nybyen.
– Den offentlege samtalen om Nybyen må i gang, skriv LPO Arkitektar.
Kva er det me er i ferd med å miste?
Det er viktig å bevare historia. I ein by der sjølv fastbuande berre er innom på snartur, må bygga vera kontinuitet og identitet. Dei fortel om kampane som er kjempa her nord og om norsk suverenitet. Kvifor me er her, og med det, kvifor det er viktig å bli.
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne i mot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.