Dei eldste kjende namna frå Nordishavet er verken norrøne eller russiske – og dei kjem ikkje frå vår del av verda.
Narkval, eller eit kosmisk esel med tre bein, fotografert i Adventfjorden 26. april 2013.Foto: Pieter-Jan D Hondt
Håkon StangHåkonStangHåkon Stangarabist ved Norsk institutt for filologi (PHI), Oslo
Publisert
Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
No som dei første klimaflyktningane kjem i
ei stadig varmare verd, er det ganske kult å vere – og heite – «den svale
kysten». For det er jo nett det Svalbard tyder. Vi trur kanskje at Svalbard alltid har heitt det, eller alternativt
Spitsbergen. Men nei. Dei eldste kjende namna frå Nordishavet er verken norrøne
eller russiske – og dei kjem ikkje frå vår del av verda. Dei er faktisk iranske
og latinske.
Eg har lenge lurt på kva slags dyr som blir omtalt i det iranske mytologiske
verket Bundahesjn. Der står det: Lengst mot nord ligg verdshavet, og midt i det
bur noko merkeleg – eit kosmisk «esel» med tre bein.
Annonse
Kva kan det vere?
Svaret er eigentleg ganske klart: «Eselet» i havet er narkvalen – havets
einhyrning. Eit dyr som kan bli tre tonn tungt, har to luffar og ein hale til å
symje og styre med. Pluss det kjende hornet på opptil tre meter. Det var
ekstremt verdifullt i handel. Altså: Tre bein, der det lengst framme pluss
pelsen gjorde dyret interessant. Det er dette hornet som er synleg når dyret
leiker og altså «står» i havet.
«Nyhenda» om handel med narkvalhorn nådde iranarane. Ikkje frå Austersjøen –
der finst ikkje narkval – men nokon må ha jakta på han langs kysten i
Nordishavet. Kvalrosstenner blei òg brukt, til dømes som knivskaft for dei
rikaste søraust i Europa. Men dei to – narkval og kvalross – blei blanda saman. Forskjellen er at
kvalrossen har fire «bein». Så det må ha vore narkvalen observatørane såg. Kven var desse observatørane?
Før-iranarane heldt til i og rundt dagens Litauen
og låg i konflikt med folkegrupper nord for seg – dei vi no kjenner som
østersjøfinnar. Blant dei: vepsarane, kjend frå filmen Veiviseren og samiske segn. Ein del av desse vepsarane blei etter kvart samar, som følgde reinsdyra
nordover – slik arabarane ein gong følgde kamelen.
Vepsisk språk kalla arabarar for «slavefolk», så kanskje tok dei iranarar til slavar. Og dei same iranarane
tok med seg historia om havets einhyrning vidare sørover – til det som i dag er
Iran. Men kven var det eigentleg som jakta på narkvalen?
Det kjem vi tilbake til.
Ein sval kyst – men kvar, eigentleg?
Då den norske kongen sin annal i 1194 seier
«Fundinn Svalbardr», altså at Svalbard vart oppdaga – så er det ikkje øygruppa
vi kjenner i dag han snakkar om. Kvifor? For det første finst det ein stor gard på nordaust-Island frå rundt
890, som heiter nettopp Svalbarð.
Han ligg på neset Langanes, som peikar rett
mot Jan Mayen. Folket der dreiv med fiske og fangst – og dei jakta ikkje berre til mat, men òg
på kvalross, narkval og grønlandskval for eksport. Dei sende fangsten via
Russland til Midtausten. Det gjorde området viktig.
Når ein fiskarbonden frå Svalbarð oppdaga ei øy,
kalla han henne med same namn. Då blei jaktrettane hans.
Ei enorm øygruppe utan folk før Barentsz?
Annonse
Så kjem eit anna poeng: Det er urimeleg å
tru at ingen frå Nord-Noreg hadde sett Spitsbergen før Willem Barentsz i 1596.
Namnet han gav – «dei spisse berga» – passar berre for den nordlege delen av
øygruppa. Resten er butte og ganske ulike europeiske fjell.
Det er ikkje berre spisse fjell på Spitsbergen, men også butte, som Operafjellet.Arkivfoto: Anja Charlotte Markussen Hansen
Men kven var her først, då? På 500- til 700-talet var det muslimske kalifatet verdas
supermakt – slik USA er det i dag. På karta deira låg Noreg og nordområda våre
heilt «nede». Dei tenkte sørover frå nord. På karta kan ein sjå ei lang «halvøy» som peikar frå nord-Europa mot vest. Men
dette er ikkje ei halvøy – det er iskanten, slik norske fangstfolk kjende ho.
Vepsarane – og dei som seinare blei samar – følgde ikkje iskanten. Men det
gjorde vikingane. Dei visste at i teorien kunne ein reise langs iskanten frå Grønland til
Nord-Russland og Noreg.
Skrøna om Halli Geit fortel om ein viking som klarte
turen ved å mjølke geita si heile vegen. Kva ho åt, seier historia ingenting
om. Men prinsippet er realistisk. Følg iskanten, jakt på kvalross, og du vil ganske
sikkert treffe Svalbard.
Spitsbergen i gamle kjelder
Arabiske og latinske kjelder fortel faktisk
om folk lengst nord i Noreg alt på 500- til 700-talet. Pseudo-Æthicus, ei latinsk
kjelde frå cirka år 730, nemner to enorme øyer i nord – Rifar og Crisolid. Eg er ganske sikker på at dette er Vest- og Aust-Spitsbergen.
Annonse
Rifar kan bety både «å ri» og «ei fare», noko som kan passe for sjøfarande i
nord.
Crisolid kan vere sett saman av cri- (pels) og solidus (romersk
gullmynt). Altså ei øy der pels var verdifull handel.
Ut på sporjakt – med drone?
Eg håpar nokon – med klarsignal frå
Sysselmeisteren – vil bruke drone for å leite etter spor av menneskeleg
aktivitet: steinsettingar, leirplassar eller noko anna. Unis i Longyearbyen kan
kartleggje kor iskanten låg før. Og kvifor ikkje bruke undervassdronar? Dette kan bli ein doktorgrad!
Poenget mitt: Det finst spor av verdsmakter som Iran og kalifatet heilt her
oppe, alt for 1.000–1.300 år sidan. Og sjølvsagt norske veidarar: Svalbard vart først oppdaga av dei – kanskje alt
på 500-talet. Øygruppa er folkerettsleg norsk, og ho høyrer til alle som bur her.
Om Gud vil, skal eg skrive meir seinare om
handelen mellom nordmenn og arabarar/iranarar for 1.000 til 1.200 år sidan. Eg har sjølv vore avisredaktør heilt sør i landet – i Halden. Det er difor eit
privilegium å få dele noko i det som kanskje er Noregs beste lokalavis.
Neste gong: Eit bildeklipp og omsetjing frå eit komande, sensasjonelt arabisk
verk – urpremiere her i Svalbardposten. I eit «coolt» og kult land, som Noreg –
og så ulikt fastlandet.
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne i mot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.