REDAKTØREN MEINER:
Reglar treng folk
Det er ikkje alt Sysselmeisteren kan lese svart på kvitt ut frå lovteksten. Den må tolkast, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker i månedens leiar.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
Lyset er tilbake og kolonnene med beltedyr fresar innover Adventdalen. 1. januar byrja den nye feltsikkerhetsforskriften å gjelde. Den har vore varsla lenge, men kva den nye teksten og nye skjema betyr i praksis, er ikkje berre lett å forstå. Det gjeld ikkje berre for folk flest.
Førre torsdag heldt Sysselmeisteren informasjonsmøte om forskrifta og kravet til svalbardguide som skal gjelde frå sommaren neste år. Salen var fullsett. Før møtet hadde Svalbardposten blitt kontakta av frustrerte innbyggjarar. Visste me at fastbuande no måtte søke om å ha med tilreisande vener på tur til Austkysten? At venene måtte ha forsikring? Sysselmeister Lars Fause fortalde i møtet at han hadde sjekka dette sjølv. Om han skal ha kona med på tur austover, må han melde frå at ho skal vera med, men ho treng ikkje forsikring. Han innrømte at meldeskjemaet ikkje var heilt som det burde. Det har teke lenger tid å få på plass skjema enn etaten hadde tenkt:
– Vis litt tålmod, så skal det bli bra, sa Fause.
Når det gjeld sertifisering av svalbardguidar, og kven som må bruke dei, er det framleis mange spørsmål. Mellom anna: Korleis skal det vera mogeleg å få 150 guidar gjennom eit godkjenningsprogram før sommaren 2027 når så lite er på plass no? Eit av svara frå Sysselmeisteren er at det obligatoriske, praktiske, isbjørnkurset ikkje lenger må takast på øygruppa. Forhåpentleg er dei gode på våpen og isbjørn andre stader også.
Kven som må bruke svalbardguide, og kvar, er heller ikkje heilt klart. Det skal vera svalbardguide utanfor sentrum, men kva er sentrum? Og kva med Henningsen Transport & Guiding, som ønsker å halde fram med dagsturar i Isfjorden. Må dei ha svalbardguide sjølv om mannskapet har ansvar for tryggleiken og er godkjent gjennom anna regelverk?
Det er ikkje alt Sysselmeisteren kan lese svart på kvitt ut frå lovteksten. Den må tolkast. Det er viktig at dei inviterer til møter, og får vite frå næring og folk kva informasjon som trengst, men prosessen ligg bakpå. Innføring av ei så inngripande forskrift krev mykje jobb. Då politikarane i Oslo vedtok regelverket, følgte det ikkje pengar med til å tilsette ekstra folk i miljøvernavdelinga hos Sysselmeisteren for å gjere lovtekst om til praksis.
I tillegg til generell kort butid for nordmenn i Longyearbyen, bles åremålsvinden gjennom Sysselmeisterkontoret. Folk kan bli i maks seks år. Med menneske flyttar kunnskap, effektivitet, føreseielegheit, tillit og erfaring.
I eit lesarinnlegg stiller Henriette Schjølset spørsmål ved om åremålet også går utover målet norske styresmakter har om å få norske barnefamiliar til å bli.
Det gjer det heilt klart. Åremålstida får konsekvensar både for dei som er tilsett hjå Sysselmeisteren, men også resten av familien deira, og venene som blir igjen i byen. Både ungar og vaksne. Det er på tide å gjera åremålsstillingane faste for vanlege tilsette. Det vil også gi meir stabilitet i lokalsamfunnet og bli-lyst.
Om folk blir lenger, blir det også lettare å handheve regelverk, sikre historikk og konsekvent tolking over tid. Også det vil bidra positivt til statens mål om å få folk til å bli. Truleg vil framtidas SSB-statistikk vise høgare andel nordmenn og lengre butid om norske familiar får lov til å bli.