Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Reinhard Mook peikar på utfordringane med færre fly til og frå Tromsø.Foto: Line Nagell Ylvisåker
Norwegian
sløyfer alle direkte flygingar mellom Svalbard og Tromsø. SAS har eitt tilbod
kvar veke for heile Nord-Noreg pluss turistar derifrå. Eg skal ikkje ramse opp
alle naudsynte, mellom anna tidskritiske, trådar mellom Svalbard og Nord-Noreg.
Flyselskapa sine ruter legg ikkje opp til Svalbard-samfunnet sitt behov og
tvinger det til å kople seg på Oslo. Distriktsutviklinga?
Einvegs-turen frå Longyear til Tromsø går over åtte geografiske breiddegradar. Omvegen
om Oslo går over 28 gradar. Klimaomsyn? Turen om Oslo krev minst 6 timar mot
elles snaue 2. Omsyn til dei reisande si tid, krefter, pengepung? Er dosen av
kosmisk stråling berre å gløyme?
Annonse
Skal
turistar ta plassen av kol og Longyearbyen på same tid vere familiesamfunn, må
politikken gripe inn og syte for at flyruter og billettprisar samsvarar med kva
lokalsamfunnet treng. Sommaren er nær. Det hastar!
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne i mot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.