Kronikk:
Innfør eit pantestystem på Svalbard
Etter eit framlegg frå lokallaget på Svalbard kom landsmøtet i Natur og Ungdom fram til eit krav om at det blir oppretta eit pantesystem for drikkevareemballasje på Svalbard.
Tidlegare i januar samla Natur og Ungdom seg til organisasjonen sitt 61. ordinære landsmøte. Biletet viser nestleiar Magnus Holger Obrestad Stenroos, leiar Sigrid Hoddevik Losnegård og nestleiar Ada Amilia Skjensvold.
Foto: Lovise Tokle Rannekleiv / Natur og Ungdom
Dette er skrive av ein ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Svalbard står utan pantesystem for drikkevareemballasje. Det fører til unødvendig forsøpling, meir avfall og dårlegare ressursutnytting i eitt av dei mest sårbare naturområda Noreg har ansvar for.
Medan resten av landet har eit velfungerande og effektivt pantesystem, blir Svalbard ståande igjen som eit unntak utan ei reell miljøfagleg grunngjeving.
Svalbard er ein av dei stadene på jorda der klimaendringane skjer raskast. Strendene der er blant dei mest forureina i verda, med store mengder plastavfall som driv i land. Når konsekvensane av klima- og miljøkrisa er så tydelege akkurat her, burde det vere eit minimum at grunnleggande miljøtiltak som pant faktisk er på plass.
I dag har Svalbard ikkje eingong eit fullverdig resirkuleringssystem. Det meste av avfallet blir sortert som brennbart og sendt med båt til fastlandet for vidare handtering. Når avfall uansett blir frakta sørover, finst det inga praktisk eller teknisk hindring for å inkludere pant i denne straumen. Det einaste som hindrar ei slik ordning, er at pantesystemet ikkje er pålagt å gjelde på Svalbard.
Mangelen på pant må óg sjåast i samanheng med energisituasjonen på Svalbard.
Straumproduksjonen har i lang tid vore basert på sårbare og lite berekraftige løysingar, og energibruk og utslepp er eit gjennomgåande politisk problem. Å redusere avfallsmengda og sikre betre materialgjenvinning er eit konkret tiltak som kan bidra til lågare ressursbruk i eit samfunn der både energi og infrastruktur er under stort press.
Det norske pantesystemet har vist seg å vere eitt av dei mest effektive miljøtiltaka vi har. Over 92 prosent av alle panteflasker og boksar blir samla inn og gjenvunne gjennom ordninga. At ei slik løysing ikkje er innført på Svalbard, kan ikkje forklarast med logistikk eller lokale forhold, men må forståast som eit politisk val.
Natur og Ungdom meiner at det snarast må kome på plass eit pantesystem også på Svalbard. Når klimaendringane skjer raskast her, naturen er mest sårbar, og infrastrukturen allereie er pressa, er det uakseptabelt at Svalbard blir behandla som eit unntak frå grunnleggjande miljøansvar.
Natur og Ungdom krev at det opprettast eit pantesystem for drikkevareembalasje på Svalbard.
Har du noko på hjartet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tek gjerne i mot leserinnlegg og kronikkar på post@svalbardposten.no.