LESERBREV:

Kven er vi i Longyearbyen?

Reinhard Mook reflekterer over byens identitet.
Publisert

Leiaren til Svalbardposten nummer 6 den 6. juni 2025 (redaktør Line Nagell Ylvisåker) spør: «Kven skal me vera?» Truleg aldri meire noko så eintydig som på den tid «alle» i byen arbeidde for Store Norske. 

Byens identitet er kva folk set byen i relasjon med. Gruvebyen utan gruve frys til eit industriminne. Byen som eit statleg hylster har kommersielle selskap alt har teke sete i. Turismen lever av at folk i resten av verda har pengar, og han er sårbar for krig, sjukdom og klimaendringar. I synsranda truga av økologiske samanbrot. 

Byen har fått ein identitet prega av kremmarar og gjestgjevarar. Folk kan sjå byen på fleire måtar samtidig. Til dømes lokaldemokrati, men ikkje alle kan stemme. Òg den sjølvgode illusjon om å bli dømet for heile verda i grøn energi. Det er dyrt å sette til side fagleg kunnskap. Dyrt å bu, intens flytting til og frå, veik kontinuitet og hurtig tapt lokal innsikt, uvisse om barnehage, fleire uheldige røynsler kan feste seg til komplekset byen identifiserast med. 

«Geopolitisk utrygg» er eit identitetsmerke nokre aktørar høglytt yndar å feste på byen. Det fremmer neppe eit stabilt samfunn. «Alltid tenkje på, aldri prate om» (Léon Gambetta) var ein betre leietråd! 

«Kven skal me vera?» Eit samfunn ved sin blotte eksistens å halde ved like norsk suverenitet? Med Universitetssenteret på Svalbard (Unis) si oppgåve å forske og å undervise er byen med på å førebu på levekåra over heile kloden. 

Naturen som læremeister vil kunne bli mest edle og for verdige liv vesentlege identifiseringa. 

Powered by Labrador CMS