Gruveby i identitetskrise

Redaktør Line Nagell Ylvisåker reflekterer over kva Longyearbyen vil vera når gruvedrifta er over.
Publisert

Fredag kom den siste papirutgåva av Svalbardposten medan det er norsk koldrift på øygruppa. 30. juni er det slutt. Nokre gjenstridige klumpar blir kanskje henta ut av Gruve 7 etter den offisielle markeringa. Men så er det over for godt. 

Svalbardposten har følgt stenginga av gruve for gruve. Gruve 1a og 1b i fjellsida bak kirka og Huset, Gruve 2a og 2b i Sukker­toppen og Gruvefjellet, Gruve 3, Gruve 4 i Sarkofagen, Gruve 5, Gruve 6, Svea Vest, Lunckefjell og Svea Nord. 

Det har skjedd før – men no er det annleis.

1. november 1996 var datoen for Gruve 3. Pin up-damene vart hengande på opp­haldet, etterlatne til den mørke einsemda. Utstyr og gruvebus vart sende videre til Gruve 7 og Svea. Gruvesjefen håpte dei kom til å trivast der.

Når Gruve 7 stenger, har ikkje folk og maskiner noko nytt Svalbard-fjell å dra til. 

Svalbardposten vil markere driftsstoppen i Gruve 7 og henter inn ein serie reportasjer, portrett og intervju med gruvebusen. 

Gruvedrifta har vore kulturberaren, historie­beraren, sjølve det norske grunnfjellet for befolkninga i Longyearbyen. Me har vore ein gruveby. Lenge har me visst at gruve­tida ville koma til ein ende. Gruvene kosta for mykje både i kroner og image. Framleis kjem politikarar med utspel om å halde fram drifta. 

Til og med tidlegare justis­minister Emilie Enger Mehl (Sp) seier at ho angrar gitt den tryggleikspolitiske situasjonen Svalbard er i. Men det er ikkje noko gruve å gå vidare i. Store Norske veit ikkje om det er nok kol til drift i andre fjell, og å koma i gang vil ta årevis. Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier at gruvedrift ikkje har nokon tryggleikspolitisk betydning.

Det er slutt. Me er ikkje lenger ein gruveby.

Kva er me då? Longyearbyen har levd av å utvinne kol. No kjem forskarar for å hente kunnskap, turistar for å utvinne minne. Det inkluderer foto av oss som bur her til Instagram og TikTok. Solfesten vart «reklamert» til turist­ane – mobilane filma tett i tett då ungane song. 17. mai, fastbuande i gatene, går truleg rett ut på sosiale medium. Me som bur her blir, som naturen, vara som blir eksportert. 

Me blir ein statsby, delvis ein forskingsby og ein turistby. Eller ei kulisse det stadig blir dyrare å bu i. Det byrjar å haste for politikarane i Oslo å vise korleis dei vil få nordmenn til å bli og trivast. Leve ekte liv. Løysinga er ikkje å stramme inn på godane til ikkje-norske.

Personaldirektør Rigmor Abel i Store Norske seier det er viktig med positiv energi framover, at ikkje alt skal bli trist. Det vil nok svalbardianarane bidra til i all framtid, med turglede, kulturglede og venskap. Men me treng hjelp for å finna ein god balanse. 

Det hastar. Kven skal me vera?

Powered by Labrador CMS