LESARBREV:
Lettskodde mangan
Isdammen har hatt høyt manganinnhold. Foto: Martin Kristiansen
Konsentrasjonen av mangan i drikkevatnet kan svinge mykje – også her i Longyearbyen. Som kjent ligg nivået av mangan over det som er tilrådd. Det kjem av fleire samansette prosessar, som blir forklarte under.
Mangan i mange former
Mangan finst naturleg i jordskorpa over heile verda, men ikkje i rein form. Det opptrer ofte som oksid – i vatn synleg som brunt grums. Mangan er viktig for alt liv, men både for mykje og for lite kan vere skadeleg for både dyr, plantar og menneske.
Mangan finst som positivt lada ion, altså atom eller molekyl som har mista elektron. Ionet kan ha ulik ladning og inngå i ulike kjemiske bindingar. Det kan også bli ein del av molekyl og finnast i løysningar. Mangan kan danne komplekse strukturar, til dømes oksid med lag av vatn eller med både negativt og positivt lada sjikt. Andre tungmetall, som bly og nikkel, kan bli bunde til manganoksid.
I rørsle og i løysning
Mangan-oksid kan sleppe ut ion til vatn, og mangan-ion kan binde seg tilbake til oksid. Mikroorganismar kan påverke denne prosessen. I vatn kan mangan oppføre seg både som frie ion og som ein del av organiske kompleks.
Mangan-ion er meir mobile enn jarn-ion. Dei kan byttast ut med kvarandre i kjemiske bindingar. I jordsmonn og grunnvatn kan mangan binde seg til organiske stoff.
Om vatnet blir surare (lågare pH), aukar mengda av oppløyst mangan. Det same skjer når det finst fleire elektron tilgjengeleg for reduksjon. Slike samspel mellom kjemiske stoff og mikroorganismar kan forklare kvifor det er høgt og varierande manganinnhald i drikkevatnet i Longyearbyen.