Kronikk:
Ingen Longyearbyen utan «lompen»
Thon Gruppen skal bytte navn på Lompensenteret til «Thon Senter Svalbard».
Foto: Tare Reklev Øverbø
Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Byen kan takke «lompen» for sin eksistens. Lompensenteret er reist for å dekkje kva «lompen» trong. Det er historie i namn og i skilt.
Eit samfunn med ringeakt for si historie taper si tyngd. Synlege teikn etter historia er viktige for Longyearbyen med stort gjennomtrekk av folk.
Respekt for Olav Thon som flink forretningsmann! Forståeleg at livsverket hans skal førast vidare under namnet hans som merke for hans profil.
Men respekt skyldast òg arbeidarane i gruvene, «lompen». Dei, ikkje Thon, har bore oppe byen på Svalbard.
Thon-gruppa eig bygnaden i dag. Men «lompen» som ideell verdi har aldri vore til sals. Knytt til omgrepet «lompen» er byen sin sjølvforståing og eigenverd.
«Thon» i staden for «lompen» kan og vil svekke merksemda for den faktoren den historiske kontinuitet har skapt.
Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne i mot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no.
LES OGSÅ: