Slutt etter siste kutt
– Det finst mykje arbeidsglede og latter blant krokbøygde menn med skit i fjeset, skriv redaktør Line Nagell Ylvisåker i denne leiaren.
Foto: Lotte Ylvisåker Håvelsrud
No er norsk koldrift over. Det er berre russiske Trust Arktikugol som har ei gruve i drift på Svalbard.
Dei siste vekene har dei tilsette i Gruve 7 raust opna fjellet for journalistar og andre som vil oppleve og dokumentere livet under dagen. Ei verd det er vanskeleg å forstå utan å ha besøkt den. Det finst mykje arbeidsglede og latter blant krokbøygde menn med skit i fjeset.
Tida Svalbardposten har fått henge på i gruva, og dei 56 intervjua me har fått gjort til denne avisa, fortel om kameratskap, samhald og lagånd. Som Elias Hagebø seier: – Når vi vet at her kan ting gå galt, veldig galt, veldig fort, så passer man litt mer på hverandre.
Norsk gruvedrift på Svalbard har ikkje berre vore latter. 124 har mista livet. Fleire har blitt skadde. Denne månaden er det 20 år sidan siste dødsulukka. Mykje er gjort for å betre tryggleiken og sette folk, ikkje produksjonen først. Svalbardposten skriv om Frank og Bent Jakobsen som mista bror sin i gruva i 1991, og sikkerhetsarbeidet som har skjedd sidan.
Kongen la ned krans ved gruvebusmonumentet på torget. Gruvebusen var der, dei tok av seg hjelmane og det var mange blanke blikk. 30. juni vart det langt ned krans ved minnetavla over dei 124 som aldri kom heim.
Samhaldet i Gruve 7 rørte kongeparet då dei var på besøk. Likevel – kongen sa at det ikkje var så lett å fikse ei ny gruve, sjølv for han i statsråd.
Samstundes som kongen var på besøk og gruva blir lagt ned, er det 100 år sidan Svalbard vart norsk. 14. august 1925 vart svalbardloven vedteken og traktaten trådte i kraft. Kronprinsen og statsministeren kjem på den offiselle markeringa i Longyearbyen. Svalbard er viktig for Noreg.
Situasjonen mellom aust og vest er spent. Den dagen kongeparet dro, kom den russiske ambassadøren til Svalbard – og ein biskop som velsigna sjøruta frå Russland til Barentsburg, ifølgje trustens sosiale medium.
Kongeparet trossa dårleg vêr og dro for første gang i land på Bjørnøya. Kongen fekk hjelp av ein traktor. Det var ei sterk handling, og biletet vil nok bli ikonisk. I eit intervju med pressa på slutten av svalbardbesøket, sa kongen at han trur norsk suverenitet blir utfordra kvar dag. – Men dette er en del av Norge, og det kommer det til å forbli.
Gruvearbeidarane har vore viktige for å hevde suverenitet og sikre norsk busetting. I tillegg er dei ikkje berre viktige for eigen, men også for byens beredskap. Eit samla lokalstyre ber regjeringa ta grep og legge ein langsiktig plan for å sikre busetting, beredskap og samfunnsstruktur no som gruvetida er over.
Ein jobb me kan gjera sjølve, er å ta med gruvementaliteten vidare. For det er jo slik med Longyearbyen som med gruva. Me er langt frå hjelp når ulukker råker. Det er me som bur her som skal passe på kvarandre, vera klare til innsats om noko skjer.
Og så skal me ta med oss latteren inn i sommaren, sjølv om det kan sjå mørkt ut.