DEBATT:

Kvifor ikkje direktefly?

Norwegian skal ikke fly via Tromsø i løpet av sommeren.
Publisert

Dette er skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når mars er over, blir det slutt på direktefly mellom Svalbard og Tromsø. Det går berre éin tur-retur i veka, og den må ein dele med turistar, så det er nesten ikkje eit reelt tilbod.

Alle som må reise til Nord-Noreg, må først fly via Oslo. Det gjer reisa både dyrare og tek lengre tid. Dette kostar både familiar og det offentlege mykje pengar.

Dei som flyr mellom Svalbard og Tromsø, må først fly langt sørover og så nordover igjen. Det gir mykje meir utslepp av CO₂ enn om ein kunne fly direkte – minst tre gongar så mykje. Skal ein liksom få betre samvit ved å bruke biodrivstoff?

Er det eigentleg ein god politikk å berre la dette skje?

Har du noe på hjertet, eller vil du fortsette denne debatten? Vi tar gjerne imot leserinnlegg og kronikker på post@svalbardposten.no. 

Powered by Labrador CMS