LESERBREV:

Svalbard Energi sitt «annus horribilis»

Reinhard Mook deler sine tanker om det dei tilsette i Svalbard Energi har stått i.
Publisert

Denne artikkelen er mer enn ett år gammel.

Svalbardposten publiserte den 23. november 2024 ein artikkel om korleis det var for Svalbard Energi sine tilsette å hamne i rolla som syndebukkar. Hundsa i den etter seiande så hjarte-varme byen for alt som gjekk gale ved energi-omstillinga? Det er alvorleg å ikkje tore vedkjenne seg arbeidsplassen, kjenne trykk heilt til å felle tårer.

Syndarar dansa på den politiske arenaen med ambisjoner om gloriøst å inngå i byens annalar. Truleg var det neppe få sambygdingar som las i Svalbardposten med ubehag då det vart trykka på den raude knappen på kolkraftverket for å slå det av. Nokre trudde vel òg, og trøysta seg med, at knappen i nauda kunne bli slege på «revers».

Dei tilsette i Svalbard Energi åtvara mot å forsere prosessen. De politiske ryttarar høyrde ikkje, sat kan hende på for høge hestar. Ein kan spørje i etterkant om arbeidsfolka på bakken skulle ha hoppa av jobbane sine når de skjønna det bar gale av stad.

Ingen har vilja at tilsette i Svalbard Energi skulle skamme seg for arbeidsgjevaren sin. Men det har hendt. Presset frå folkemeininga har, det kjem tydeleg fram, røyna på. 

Eg vonar dei som har lidd i det minste internt får eit oppreisande ord – og at «opinionen» tenkjer seg om. 

Powered by Labrador CMS